Bygdekinoen til Vest-Telemark

Onsdag 9. sep. - Nissedal: Tottori – Sommeren vi var alene og Tenet

Fredag 11. sep. – Fyresdal: Tottori – Sommeren vi var alene og Dianas bryllup

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag 13. sep. - Seljord: Brannmann Sam – Klar for opptak!, Dianas bryllup og David Copperfields personlige historie

Måndag 14. sep. – Vinje: Brannmann Sam – Klar for opptak! og Dianas bryllup

Tottori – Sommeren vi var alene

Vegen blir til når me går oss vill. Vega (8) og Billie (4) er på fjelltur med Pappa når ulykka skjer: Han ramlar ned i ein fjellsprekk og skadar seg. Dermed må jentene prøve å finne vegen attende for å hente hjelp. På ferda møter dei ville dyr, store og små utfordringar og dei må lære å temje si eiga frykt. Og kanskje dei to greier å hjelpe Pappa på eiga hand? ‘Tottori – Sommeren vi var alene’ er ein spennande og eventyrleg skogstur der to sysken utforskar naturen og finn si eiga indre superkraft.

Tenet

Ein ny actionfylt film frå regissør Christopher Nolan (Batman trilogy, Dunkirk) som handlar om både internasjonal spionasje, tidsreiser og evolusjon. Filmen er spelt inn i ei rekkje land, mellom anna i Noreg på Tjuvholmen og taket av operahuset i Oslo.

Dianas bryllup

Komedien «Dianas bryllup» er ein høglydt hyllest til dei som hiv seg hovudlaust inn i kjærleiken. Om to som aldri sluttar å elske kvarandre, sjølv om dei i periodar ikkje toler trynet på kvarandre. Det er 29. juli 1981. Lady Diana Spencer går ned kyrkjegolvet saman med prins Charles i ærverdige St. Pauls katedral i London. Same dag står også eit anna bryllaup, i kantina til Borregaard Industrier. Der er det bryllaupsfest for det nygifte paret Liv og Terje. I barnevogna ligg den nyfødde dottera Diana, som skal sjå mykje rart i åra som kjem. Liv og Terje sin heisatur av eit ekteskap blir observert frå sidelinja av Diana, heilt frå ho er baby til ho flyttar heimanfrå. Alt ho kan sjå er verdas verste foreldre som på ingen måte gjer så godt dei kan. Når det så 30 år seinare skal stå endå eit bryllup, og det er Diana som skal gifte seg på eit gods i Sverige, står nervane i høgspenn. Og verre skal det bli.

Brannmann Sam – Klar for opptak

Det finst meir fargerike heltar enn Brannmann Sam, men ingen du kan stole like mykje på.

Når ein tankbil med olje er ute av kontroll og køyrer mot Pontypandy reiser Brannmann Sam ut på eit farleg oppdrag. Mandy og Sara filmar utrykkinga og legg det ut på nettsida deira, Pontypandy Planet Online – og klippet om Sam sin heroiske innsats går viralt. Don Sledgehammer, ein stor Hollywood-regissør, ser klippet og vil at Sam skal vere stjerna i den nye filmen hans. Uheldig nok for Sam, er med-skodespelaren Flex Dexter fast bestemt på å få kloa i hovudrolla som Sam har fått, og han vil ikkje stoppe før han får den …

David Copperfields personlige historie

Fargesprakande, virvlande og humørfylt filmatisering av Charles Dickens roman.

Artikkelen held fram under annonsen.