Premiedryss: Telemarkskyri Budokke fekk både 1.-premie og Dyrskuprisen. Ho tilhøyrer Aslak Snarteland, men blir vist fram av Anne Snarteland. Foto: Kari Smeland

Budokke fekk både 1.-premie og Dyrskuprisen

Styreleiar i Dyrsku'n Aslak Snarteland vart litt sett ut då han måtte annonsere at det var hans eiga ku, Budokke, som fekk Dyrskuprisen på fredag.

Tidlegare på dagen fekk Budokke også den gjævaste prisen for Telemarksfe. Etterpå skulle styreleiar i Dyrsku'n, Aslak Snarteland, annonsere vinnaren av Dyrskuprisen.

– Dette er litt rart for meg, for saka er den at prisen går til same kua. Og ho er faktisk mi, sa styreleiar i Dyrsku'n, Aslak Snarteland frå Fyresdal då han annonserte at Budokke var vinnar av Dyrskuprisen.

For rasen NRF (Norsk raudt fe) var det Emilie Kampenhøy med kua Gunda som fekk 1.-premie.

1.-premie: Kua Gunda fekk den gjævaste prisen blant NRF-kyrne. Foto: Kari Smeland

Seljordprisen 2022 for beste geit gjekk til Gunhild Helene Breiland og Svein Olav Lien frå Vinje.

Seljordprisen: Ordførar Beate Marie Dahl Eide og landbruks- og matminister Sandra Borch delte ut Seljordprisen for beste geit til Gunhild Helene Breiland. Foto: Kari Smeland
Prisdryss: - Dette er litt rart for meg, for saka er den at prisen går til same kua. Og ho er faktisk mi, sa styreleiar i Dyrsku'n, Aslak Snarteland då han annonserte at Budokke var vinnar av Dyrskuprisen. Foto: Kari Smeland
Beste geit: Fekk Seljordprisen for beste geit. Foto: Kari Smeland