«Bonusen er sjølvsagt at dei slepp å vere på skjerm og heller får frisk luft»

Torsdag kveld hadde Seljord IL sesongens fyrste skileik i Seljord Hage.

Skitrenar Hans Flaaten fortel at 21 barn møtte opp i Seljord Hage for å førebu seg til skisesongen.

– Før snøen kjem, og me kan flytte opp til Raukleiv, har me orienteringsløp i og rundt Seljord Hage. Barna blei torsdag kveld delt inn i fire lag som jakta seks postar ute i mørket. Stemninga er ekstra god når mørkeret fell på og hovudlyktene flittig må bli bruka for å leite seg fram til målet, fortel Flaaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei frammøtte hadde øvd på balanse og rytme, hadde foreldra gjort klar varm kakao og grillpølser.

– At foreldre bidreg på ein slik måte er heile grunnlaget for å skape eit godt miljø, og ein god motivasjon for barna til å dyrke ein sport. Etter kvart kom også skiskyttargruppa tilbake frå barmarksøkta si og tok del i «festmåltidet»fortel Flaaten.

Han seier koordinasjon, spenst, rytme og balanse er dei tinga dei vil øve på fram mot då sjølve skitreninga på snø startar, i tillegg til å springe og bruke krefter på orienteringsløp.

– Og kva er ein skitrenars motivasjon for dette? Jo, at barn skal lære seg å vere dedikerte, konsentrere seg, få balanse i kroppen og dermed også i livet, og få et godt forhold til uteliv og natur, og sjølvsagt bli glade i å gå på ski. Bonusen er sjølvsagt at dei slepp å vere på skjerm og heller får frisk luft, seier Flaaten.