Ny leiar: Ola Mo er ny styreleiar i Seljord kunstforeining. (Arkivfoto)

Blir ny leiar i kunstforeininga

Seljord kunstforening har hatt eit betre år enn på lenge, men utgiftene har vore store.

Sommarutstillinga med Kai Fjell og 23 samtidskunstnarar hadde over 2000 besøkande, og det er tre gonger så mykje som gjennomsnittet av dei siste åra, melder kunstforeininga i ei pressemelding.

Dei skriv elles at utgiftene har vore store; Kunstlåven måtte oppgraderast med tanke på tryggleik og det var eit stort vedlikehaldsbehov. Fyrste høgda er varmeisolert og har fått installert varmepumper. Det gjer at delar av Kunstlåven kan brukast i ein lengre sesong, også til utleige som selskapslokale. Det har vore god omsetning i kafeen, og det er selt mykje kunst, bøker og anna. Seljord kommune har gjeve driftstilskot og omframt tilskot til bygget. Sparebankstiftelsen DNB har gjeve 450 000 kroner til å fornye ytterkledning på bygget og fylkeskommunen har gjeve driftstilskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Årsmøtet i januar var fornøgd med aktiviteten og valde Knut Skrede Østevik og Alice Bratås som nye styremedlemar, medan Ola Mo vart attvald. Frå før i styret sit Johannes Skrede Østevik og Dag Aanderaa. Det vart også vedteke nye vedtekter etter ein mal frå Norske kunstforeninger. Etterpå har styret konstituert seg og valt Ola Mo som ny leiar, informerer kunstforeininga.