Bli med på tur til Øverlandseika

Hans Inge Hagen og Ragnar Haugstøl har vore på tur til Øverlandseika på Øverlandshei.

Øverlandseika: Øverlandseika er gamal og stor. Estimert til 8-900 år gamal. Den veks opp på 300, lever i 300 og døyr i 300 år. Denne turen er ein flott familie- og oppdagelsestur, for store og små.

Eika er både gamal og stor. Ho er estimert til 8–900 år gamal.

Den veks opp på 300, lever i 300 og døyr i 300 år, heitast det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne turen er ein flott familie- og oppdagelsestur, for store og små, seier Hans Inge Hagen som har laga video frå turen han og lokalhistorikar Ragnar Haugstøl var på.

Eika er hol og gjev plass til 8–10 personar og det må 5–6 vaksne til om ein skal fevne den kraftige eikestamma. Ifylgje Haugstøl er eika åtte meter i omkrins.

Les også: Det er stille i skogen, på grensa mellom Øverlandshei og Dalangrendi. Her oppe budde Hølje Gonge for snart 200 år sidan.