Blei heidra: Leiar i Seljord Kunstforening, Tone Henriette Sætervang, tok imot utmerkinga under Norske Kunstforeningers årsmøtehelg i Oslo 22. april på Sentralen i Oslo.

Kåra til den beste kunstforeininga i landet

Laurdag blei Seljord Kunstforening tildelt utmerkinga Årets kunstforeining 2022 i Noreg.

– Seljord Kunstforening har gjennom meir enn 50 år sett bygda på kartet gjennom eit omfattande utstillingsprosjekt som har tiltrekt seg profesjonelle kunstnarar frå heile landet, og som har inspirert lokale kunstnarar i fleire tiår, melder Norske kunstforeninger i eit presseskriv.

I grunngjevinga til juryen kan ein lese vidare at Seljord Kustforening, gjennom eit imponerande samarbeid mellom kunst- og kulturutøvarar, frivillige lag og organisasjonar har formidla og auka interessa for samtidskunst og kunsthandverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suksess med sommarutstilling

Seljord kunstforening summerer opp formålet sitt slik: «Me arbeider for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk og me freistar å fremje det beste i bygdekulturen gjennom utstillingar og programopplegg retta mot ulike publikumsgrupper, inkludert barn og unge.»

Dei skriv vidare at kunstforeininga si satsing på Sommarutstillinga som eit årleg prosjekt, har vore ein stor suksess og til inspirasjon både på den lokale og nasjonale kunstscenen. Sommarutstillinga har vore og er ei storstilt satsing, og vert rekna som eit banebrytande grep for kunstforeininga. I 2022 valte dei ein modell med Open Call og temaet «Dyrisk» som enda med at 200 individuelle kunstnarar søkte om å få delta i utstillinga. I år inviterer dei igjen kunstnarar gjennom ein Open Call med temaet «Kvinnemyten».

Dei melder vidare at etter kunstforeininga vart stifta i 1968 og etter ei oppstart i den nedlagde ungdomsskulen, fekk dei i 1990 overta driftsbygningane til bygda sin husmorskule. Gjennom ei omfattande renovering fekk den nye visingsstaden namnet «Kunstlåven». Det er eit lokal som gjev både utfordringar og gode moglegheiter for kunstnarar til å utforske rom og stadspesifikke prosjekt.

Fornye og ta vare på

Årets Kunstforeining 2022 har vist evne og vilje til stadig å fornye seg, samtidig som dei tek vare på lokalsamfunnet sine kunst- og kulturtradisjonar, melder Norske kunstforeninger.

Det var leiar i Seljord Kunstforening, Tone Henriette Sætervang, som tok imot utmerkinga under Norske Kunstforeningers årsmøtehelg i Oslo den 22. april på Sentralen i Oslo.

Prisen Årets kunstforeining

Utmerkinga Årets kunstforeining blir delt ut kvart år knytt til Norske Kunstforeningers årsmøte.

Prisen er på 30 000 kroner, og skal gå til ein norsk kunstforeining som i løpet av tidlegare år har utmerka seg – anten på grunn av et enkeltprosjekt eller som over tid har markert seg som særleg aktiv, synleg, fantasifull, kreativ, utradisjonell på kunstscenen eller i kulturlivet.

Årets kunstforeining skal vere til inspirasjon og etterfølging for andre kunstforeiningar.

Juryen for Årets Kunstforeining er styret i Norske Kunstforeninger.

Kjelde: Norske kunstforeninger