Tarjei Vesaas fotografert i 1960.Foto frå boka: Johan Brun

Biografien om ein gard

Ein gard er også del av eit samfunn – ei bygd, eit distrikt, eit land og ei verd. Den kjende garden Vesås, heimstaden til forfattar Tarjei Vesaas, har fått biografien sin nedskriven, men det er blitt meir enn ei vanleg gards- og ættesoge for spesielt interesserte.

Boka «Store spel. Soga om Vesås i verda» er ført i pennen av Arne Vinje. Han dreiv sjølv gard fram til i fjor med sauehald og skogsdrift, men har også skrive fleire bøker, vore leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og var tidlegare ordførar i Vinje i 12 år.

I Store spel skildrar Arne Vinje verda gjennom garden Vesås – ein avsats i eit skrånande landskap 660 meter over havet i Vinje i Telemark. Den same slekta har halde til der i 400 år og fjellgarden er i liten grad blitt delt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gardshistorie og politikk

Forfattaren følgjer garden gjennom tidene – og det blir ei reise gjennom norsk historie. Slik går den vesle forteljinga om Vesås inn i den store samfunnshistoria.

Arne Vinje fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, men også om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar og løyste frå sine opphavlege føresetnader.

For denne gardsbiografien handlar også om stormaktspolitikk og krigskonsekvensar, om politisk organisering, landbrukspolitikk, urbanisering og spenningar mellom sentrum og periferi, om internasjonal handel, EU og WTO, og ikkje minst om framtidsutsiktene for Vesås – og andre norske gardar – i lys av pandemiar, internasjonale økonomiske kriser og politisk uro, kampen om maten og verknadene av klimaskiftet, fortel Vinje i føreordet.

Les også
Presenterte soga om Vesås i verda

Strev, men skaparkraft

Garden Vesås har ein plass i norsk litteraturhistorie fordi Tarjei Vesaas (1897–1970) voks opp der, og garden viser att i forfattarskapen hans. Boka om Vesås granskar korleis denne garden kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje også kunne vekse fram i den same bygda og kvifor folkekulturen blomstra så rikt i eit materielt fattig samfunn.

Grunntemaet i boka er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine, og korleis dei sjølve blir forma av den naturen dei er del av – vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».

– Ein gard er ei dynamisk eining som formar naturen og landskapet, styrer menneska og blir sjølv styrt av dei. Og garden rekk ut over seg sjølv, han er del av ein vidare krins av gardar og grender, og denne krinsen er også i stadig utvikling og endring i takt med omgjevnadene sine, seier Vinje.

Fjellbygdene i Vest-Telemark er eit beiteland, og soga om Vesås handlar om dei skiftande vilkåra for dei små gardane i dette beitelandet, og for den kulturen som var knytt til dei. Det handlar om naud, strev og slit, men også om skaparkraft, livsstyrke og overskot.

Gardsliv i endring

Tarjei Vesaas var i si tid odelsgut på Vesås, men valde vekk garden til fordel for diktinga si. Det vart yngstebroren Aanond og hans etterkomarar som skulle føre garden vidare. I 2020 er det ikkje gardsdrift på Vesås. Fjøset er tomt for dyr og andre slår graset, men det bur framleis ein familie i husa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som driftar garden Vesås i dag må, som andre bønder, rekne med å utvikle garden i ei ny retning. Og den retninga er uviss. Men meir enn nokon gong før er gardar og bygder knytt til omverda, både nasjonalt og globalt, meiner Arne Vinje.

For ingen kan lenger tru at framtida blir ei forlenging av trendane fram til i dag, skriv han.

Når det «grøne skiftet» blir ein realitet, og ikkje berre politisk prat, vil det kome endringar på alle nivå i samfunnet. Sidan det er sjølve klimaet som er i endring, er det matforsyninga som står på spel – altså produksjon og fordeling av mat. Då trengst det vesaasar og andre som har evne og vilje til omstilling, skriv forfattaren.

Eit land ideelt for drøvtyggjarar

– Kva ville Noreg ha vore i dag utan drøvtyggjarane, spør Arne Vinje. Det hadde ikkje funnest bygder i graslandet vårt. Utan geita, sauen og kua hadde det ikkje blitt rydda gardar og lafta stover og loft i Vinje – eller andre stader.

Realiteten i dag er at stadig fleire gardsbruk vert lagde ned og meir og meir kulturlandskap gror att. Men kan Noreg eigentleg klare seg utan drøvtyggjarar i framtida?

– For nokre generasjonar sidan ville dette ha vore eit merkeleg spørsmål å stille. I dag er det eit mogleg scenario, men likevel ei utenkjeleg løysing, meiner Vinje. Han trur at dei globale krisene og den internasjonale politiske uroa vil føre til ei sterkare satsing på norsk, kortreist mat. Fleire gardsbruk med sunne storfe, sauer og geiter som kan nytte dei erosjonssterke grasareala våre og den artsrike utmarka i skogsområde, fjellbygder og langs kysten.

– Det er eit slikt landbruk folk har kjent, og slik dei ønskjer seg, og sjølv om det er i ferd med å bli borte, er det framleis fullt mogleg å oppnå på nytt, meiner forfattar, tidlegare bonde og ekspolitikar Arne Vinje i boka Store spel.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre brørne Tarjei, Aanond og Eivind Vesaas. Det vart Aanond som tok over slektsgarden.Foto frå boka: Privat
Garden ligg på eit platå om lag 660 meter over havet.Foto frå boka: Privat
Ein fjellgard i endring, men framleis heimen til ein barnefamilie.Foto frå boka: Anne Vesaas
Ein midtvintersmorgon på Vesås.Foto frå boka: Amund Søberg