Turistforeininga åtvarar mot å ta med småstein frå trappene med heim. Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / NTB/ NPK

Ber om at trappene på Gaustatoppen får stå i fred

Dagleg leiar ved Gaustatoppen turisthytte åtvarar fotturistane mot å ta med seg småstein frå sherpatrappa som suvenirar og risse namnet sitt i steinane.

For om lag ti år sidan bygde sherpaer frå Nepal ei steintrapp på Gaustatoppen. Trappa gjer det enklare for fotturistar å kome opp den siste etappen, 1883 meter over havet.

Avisa Varden og NRK Vestfold og Telemark skreiv om saka først.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar for turisthytta på Gaustatoppen, Jorunn Karlberg Tveiten, likar ikkje at folk tar med seg småstein frå trappa som suvenir. Når tusenvis av turgåarar tenkjer at dei berre skal ta med seg ein liten stein kvar, blir totalen merkbar på eit lite område, fortel ho.

– Dei små steinane sørgjer for å halde dei større hellene på plass. Når steinane blir fjerna, kan det bli bevegelse. Dei går i stykker, og folk kan snuble, seier Tveiten.

Turistforeininga synest heller ikkje noko om at folk rissar namnet sitt i trappa. Sherpaene og lokale folk som bidrog til arbeidet har fått løyve til å risse inn sine namn, men det vil ikkje seie at det er fritt fram for andre, poengterer ho.