Nominert: Telemarkskanalen regionalpark er nominert til DOGA Hedersmerket.

Badstoga ved Bandak nominert til arkitekturpris

Soria Moria ved Bandak har sett Telemarkskanalen på det internasjonale arkitekturkartet. Nå er badstoga nominert til DOGA Hedersmerket.

Onsdag 22. januar blir det avgjort kven som får prisen. Det skjer på DOGA-dagen i Oslo. Ti prosjekt er nominert til DOGA Hedersmerket i år. Tor Inge Hjemdal er administrerande direktør i Design og arkitektur Norge (DOGA). Han seier det høge talet på nominasjonar reflekterer det høge nivået på innsende arkitekturprosjekt i år.

Soria Moria blei ein ny attraksjon ved Bandak i fjor. Telemarkskanalen regionalpark står bak badstoga som alt er besøkt av National Geographic og har blitt hylla av den lokale arkitektforeininga som eit landemerke og «eit kunstverk av ei badstoge».

Artikkelen held fram under annonsen.

Soria Moria er eit resultat av eit tverrfagleg samarbeid mellom arkitektar, landskapsarkitektar, lysdesignarar og kunstnarar. Byggets utforming er inspirert av lokal byggjeskikk og dei skrånande fjellsidene rundt Bandak.

Juryen kallar Soria Moria eit nydeleg prosjekt som treff på det meste.

– Det er sjeldan at eit bygg forsterkar opplevinga av landskapet slik som Soria Moria har lukkast med. Dette er rett og slett eit flott prosjekt – frå oppdragsgjevarens vilje til å satse på design til det tverrfaglege teamets innsiktsfulle tolking av landskapet og den lokale byggjeskikken. Me får enkelt og greitt berre lyst til å reise dit, skriv juryen.

Soria Moria

Arkitekt David Fjågesund (Feste Landskap/Arkitektur), landskapsarkitekt Inge Dahlman (Asplan Viak), ljosdesigner Tobias Olsson (Sweco), kunstnar Maria Ängquist Klyvare, prosjektgruppeleiar Lars Haakanes (Feste Landskap/Arkitektur).

Oppdragsgjevar for prosjektet er Telemarkskanalen Regionalpark og Tokke kommune.

DOGA Hedersmerket er den fremste av fleire DOGA-prisar. I tillegg til Telemarkskanalen regionalpark er Forsvarsbygg, Lindenes Havhotell, Reaktor, Prestativo, Hepro, Laerdal Global Health, Bonitet Arkitektur, musikaren Espen Andersen og dei unge designarane Frida van der Drift Breivik og Frøya Thue nominerte til prisen.

DOGA

DOGA er ei stifting under Nærings- og fiskeridepartementet og ein del av regjeringas verkemiddelapparat for auka innovasjon. Som pådrivar for berekraftig verdiskaping gjennom design og arkitektur, legg DOGA til rette for samarbeid mellom utøvarar og virksverksemder, eksperimentering med nye løysingar og formidling av innsikt og læring.

Nominert: Telemarkskanalen regionalpark er nominert til DOGA Hedersmerket.