Avslutta sommaraktivitetane med konsert

Fredag blei sommaraktivitetane for barn og unge i Fyresdal avslutta med konsert med Stina Talling og HEUX i bryggeparken.

Barn og unge i heile Vest-Telemark var inviterte til Fyresdal fredagskvelden. På scena stod Stina Talling, som mellom anna fekk ein stor hit med BlimE!-låten «Mer enn god nok» i 2019. Ho har også delteke i Melodi Grand Prix med songen Elevate.

HEUX har markert seg som ein av dei leiande innanfor russebransjen i Noreg. Sett bort frå å vere veslebroren til TIX, har han sjølv delt scene med fleire store artistar som Justin Bieber, Martin Garrix, The Chainsmokers, Alan Walker, og Broiler.

Artikkelen held fram under annonsen.