Avskjed: Soknerådsleiar Anita Haugstad Haugsjå, prost Asgeir Sele og sokneprest Knut Bjørn Skyttemyr.

Avskjed med soknepresten som forlet Nissedal etter 11 år

Sundag var det avskjedsgudsteneste i Treungen kyrkje for medarbeidarar med til saman 30 års fartstid. Kyrkjelyden og tilreisande takka Reidun Lauvdal som har vore klokkar i Treungen kyrkje i 19 år, og sokneprest Knut Bjørn Skyttemyr som har tent Nissedal sokn i 11 år.

Etter ein fin gudsteneste var det duka til fest på bedehuset, der god mat, gåver, blomehelsingar og mange gode ord til takk vart delt.

Fyrst ute med helsing var prost Asgeir Sele på vegner av biskopen og arbeidsgjevaren. Bente Rønningen Meyer som er kyrkjeverje i Nissedal kom med helsing og takk frå staben til både Reidun Lauvdal og Knut Bjørn Skyttermyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Halvor Homme har vore kommunens representant i fellesrådet i alle år Knut Børn var med, og hadde berre gode ord å seie. Astrid Eidem Nordal, nestleiar i soknerådet, takka på vegner av soknet.

Barne- og ungdomsarbeidet i Treungen, Nissedal, Fjone og Felle har nytt godt av Knut Bjørns teneste. Hølje Haugsjå takka frå konfirmantarbeid i Nissedal sokn og nattkaffe i Treungen, Pauline Nordbø takka frå sundagsskule, yngres og laurdagskveld i Nissedal, og familiesamlingar på Fjone. Torill Sønderland takka for samarbeidet med sundagskulen på Felle.

Knut Bjørn Skyttemyr har i sine 11 år tent born, unge, vaksne og eldre på ein framifrå måte i heile kommunen.

Rut Stokstad Nielsen pastor i Treungen frikyrkje takka for godt kollegialt samarbeid. Else Berit Mandt Gaaren som er kyrkjeverje i Fyresdal, var takksam for at Knut Bjørn hadde vore ein god vikar der i alle sine år i Nissedal. Tor Helge Løyte, leiar i styret for bedehuset og Normisjon i Treungen fortalde at Skyttemyr hadde halde over 40 bileltimar på bedehuset, og var aldri vanskeleg å be. Skyttemyr tar nå til som seniorprest i Vegårshei og Tromøya.

Anita Haugstad Haugsjå, soknerådsleiar i Nissedal, leia festen på ein framifrå måte.

Tekst og foto: Kristen Salmelid