Trufast: Mange er årleg på landskappleiken, men få har nok vore så trufast som Aud Manheim frå Seljord. Kvart år, i femti år frå 1970, var ho på plass. No er ho klar for årets kappleik, som går føre seg i Lom.

Aud er klar for den 52. landskappleiken sin

Når landskappleiken i Lom opnar denne veka er Aud Manheim frå Seljord på plass, slik ho har vore på alle landskappleikar sidan 1970. I år har ho to roller; som dansar og som konferansier – båe i eldste klasse.

I klassa Super-D kan dei som er over 60 år delta. Der er Aud Manheim godt innanfor; ho er nemleg fødd i 1947. Torsdag i kappleiksveka blir ein travel dag for dansaren frå Seljord. For det fyrste er ho ein av to konferansierar i den eldste klassa; ei klasse som omfattar både spel, vokal og dans. I tillegg er ho påmeld til å danse i same klassa. Der skal ho svinge seg i ein trimannsdans saman med Johan Vaa og Anne Svånaug Blengsdalen.

Trimannsdans: Aud Manheim (t.v.), Johan Vaa og Anne Svånaug Blengsdalen i klasse Super-D under landskappleiken i Vågå i 2016. I år skal dei på scenen att.

50 år utan avbrot

Det var på Røros i 1970 at Aud Manheim opplevde den aller fyrste landskappleiken sin. Det måtte ha vore bra moro, for dei komande femti åra troppa ho opp på kvar einaste – i eit halvt hundre år, før ein viss pandemi sette ein stoppar for arrangementet. Men på Rjukan i fjor var ho på plass att, og såleis blir det no den 52. gongen ho er på landskappleik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har møtt Aud heime på Klokkarstogomoen i Seljord. Ho blar opp i permar der alt er sirleg notert. Ho kan opplyse om at ho har delteke 31 gonger i dansetevlinga, og at ho har vore domar 5 gonger. På resten av tilskipingane har ho vore publikum. Eller vent – dei seks åra ho var styremedlem i Landslaget for spelemenn, no FolkOrg, var det ulike oppgåver under landskappleiken, og i dei seinare åra har ho også hatt programleiaroppdrag.

Merittlista i kappdans

Fyrste gongen ho tevla på landskappleik var i Sogndal i 1971. Då dansa ho i B-klassa saman med syskenbarn Harald Manheim. Året etter dansa dei to seg opp i A-klassa. Det skjedde då landskappleiken blei arrangert på Gol i 1972. I alt tre gonger har ho gått heilt til topps i A-klassa. Fyrste gong var i 1979 i Førde då ho dansa med Arvid Gullbring. Neste gong var i Odda i 1984. Då var ho påmeldt med Kristian Hanto, som vart forhindra. Likeeins stod Arvid der utan dansepartnar.

– Då var det lenge sidan me hadde dansa samen. Men jammen slo me til og vann, smiler ho om det gode minnet.

Siste gongen ho toppa lista i A-klassa var i 1988 i Bø. Då dansa ho ein gangar saman med Johan Vaa.

– Gangar er meir krevjande; balansen tel mykje når ein dansar gangar. No dansar eg berre springar, seier ho.

Å danse i musikken

Det gjeld heilt sikkert berre i tevling. Om nokon kjem og byr henne opp i ein gangar på ei dansetilstelling er ho neppe sein om å takke ja. Men når det gjeld dansepartnarar på scenen har det oftast vore desse ho har svinga seg med: Harald Manheim, Arvid Gullbring og Olav Sem frå Heddal, Kristian Hanto frå Lunde og raulendingen Johan Vaa.

– Som domar i dans, kva ser du etter då?

– Føresetnaden er at dansarane er i takt, og at dei formidlar noko. Det er viktig å danse i musikken, ikkje berre etter. Det er flott å oppleve når dansarane er i eitt med musikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppvaksen i spelemannsmiljø

Kor kjem så den store interessa for folkemusikk og -dans frå? Til det svarar ho at ho voks opp i eit spelemannsmiljø og byrja tidleg og danse, både springar og swing.

– Frå konfirmasjonsalder var eg med foreldra mine på bygdekveldar. Då var det ofte fyrst eit spelstykke på scena, og så ei matøkt, før kvelden blei avslutta med bygdedans. Fast spelemann var Torleiv Lykka (1898–1985 red. mrk.). På den tida var det ingen på min alder som dansa, men eg dansa med pappa Johannes, som var ein god dansar, og Hans Haugan (1919–1996 red. mrk.), ler danseentusiasten om den tretti år eldre dansepartnaren.

Men den mest skilsetjande opplevinga skjedde i 1962. Då drog ho og ei jamgamal veninne saman med mødrene sine oppover til Rauland. Der var det duka for Myllarspel over tre dagar. Dei fire seljordingane låg i telt og fekk med seg både det flotte spelet på Nedre Mo og programmet på Djuvland.

– Dette var ei stor oppleving for ein femtenåring. Spesielt dei to 19 år gamle dansarane Torgeir Fonnlid og Nils Sletta gjorde eit veldig sterkt inntrykk. Dei inspirerte verkeleg. Då fekk eg lyst til å vera med på alt dette sjølv – både spelstykke og kappleik, seier ho.

Svingar seg: Aud Manheim svingar seg på scenen under ein konsert på Fagernes i 2016.

Og stor deltaking har det blitt, frå ho året etter, i 1963, fekk rolla som tussekjering i det andre Seljord-spelet, som gjekk føre seg i tunet på Utgarden, og den fyrste kappdansen same år. Det var ein lokalkappleik der ho fekk med seg jamaldringen Olav Høydal som dansepartnar. Fleire hadde vore på springarkurs med Knut Sudgarden denne våren.

– Og premieringa?

– Det kjem eg ikkje i hug.

Skulegang og studiar

Etter sju år på folkeskulen i Seljord, eitt år på framhaldsskulen og eitt år med handelsfag, bars det ut av bygda og til hybeltilvære i Agder for den unge jenta. Der gjekk ho to år, frå ho var 16 til 18, på statsrealskulen i Åmli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein veldig god skule, og me to veninnene frå Seljord var nesten aldri heime att desse åra, mimrar ho.

Deretter byrja ho på Tele-skulen i Skien. Dette var i glanstida til Televerket.

– Eg kjende nokon som arbeidde i Televerket i Seljord, og det var ein svært attraktiv arbeidsplass. Etter utdanninga var det utsikt til å få fast jobb, noko eg fekk, fortel ho.

– Kvifor gjekk du ikkje vidare på skular?

– Eg har ikkje angra på jobbane i Televerket. Men seinare har eg skolert meg litt med å ta ein del høgskulefag, og det var ei god investering for nye jobbar etter kvart, legg ho til.

Etter fem år i fast Televerk-jobb i Seljord, søkte ho internt i Televerket og fekk jobb i Trondheim.

– Det var kjærleiken som førte meg dit. Men BUL (Bondeungdomslaget red. mrk.) Nidaros overtok så til dei grader. Der var det stor aktivitet med leikarring og dans – og eit fantastisk godt miljø, skryter ho om dei tre aktive åra i trønderhovudstaden, som blei avrunda med ein danseturné i Minnesota i 1974.

Men så fekk ho lyst til å lære å veva. Dermed bars det til vevskule i Valle i Setesdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der hamna eg midt i smørauget og blei kjend med Hallvard Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid med fleire. Då var eg tilbake i folkemusikken og bygdedansen, legg ho til.

Dansen har ført henne rundt i verda – og heim att

– Dansen har ført meg både til Cuba og Færøyane, til Skottland og Litauen, og til festivalar nedover i Europa. Det var spesielt å danse «stordans» på Færøyane, der me farta rundt i to veker. Endå meir eksotisk var det i 1978 då ei lita kulturgruppe, saman med politiske ungdomsparti, drog til Cuba for å delta på ein internasjonal ungdomsfestival. Då dansa me springar og salsa om kvarandre – kvar dag, minnest ho smilande.

Attende til landskappleik, for det var der ho møtte han som skulle bli ektemannen hennar. I 1981 heldt kappleiken til i Oslo. På dansegolvet der blei ho beden opp av Øystein Teigland frå Granvin i Hardanger.

– Den våren hadde han søkt etterutdanning i Bø, og me kom nær kvarandre. Etter at han var ferdig i Bø gifta me oss og budde to år i Hardanger. Øystein var økonomisjef i kommunen, og eg arbeidde på formannskapskontoret, fortel ho.

Deretter gjekk ferda tilbake til Telemark, med jobb i Televerket for Aud og arbeid i Bedriftsforum for Øystein. Seinare fullførte han jusstudium og starta eigen advokatpraksis i Seljord. Etter at familien hadde budd 25 år på garden Byggland i Morgedal overtok neste generasjon, og no er det tre barnebarn som spring rundt i tunet der.

Sjølv planla ekteparet pensjonisttilværet i Seljord etter at dei hadde funne det dei syntest var den optimale plassen. Dei kjøpte eit funkishus frå 1936 som ligg på Klokkarstogomoen. Huset blei nennsamt pussa opp, og paret flytta inn i 2011, same året som ungdomane flytta inn på Byggland. Aud og Øystein hadde tenkt å bli gamle i det nye huset, men slik skulle det ikkje gå. Ikkje lenge før innflytting fekk Øystein ein alvorleg kreftdiagnose. Han fekk bu i huset i to år før han døydde i 2013, 61 år gamal.

Framleis lett på foten

– Like etter at Øystein fall frå, fekk eg spørsmål om å vera domar på landskappleiken på Røros. Jah!, svara eg då – og det blei starten på å reise åleine på landskappleik att. Noko ho sikkert gjer så lenge ho held seg på beina.

Kven veit korleis resultatet av trimannsdansen i Lom blir. D-klassingen har gjort det skarpt tidlegare. Før landskappleiken i Seljord i 2011 foreslo ho for Johan Vaa at det kanskje var på tide å stille i klasse D – godt uti 60-åra som dei båe var.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du aldeles galen, du får finne nokon andre, var svaret eg fekk.

– Johan var slett ikkje klar for det «opprykket». Så fekk eg med meg dansepelemannen «min» Alf Tveit, som er ein like god dansar som spelemann. Berre éin gong tidlegare hadde han dansa på landskappleik – som 12-åring. Av dei 10 startnummera i D-klassa vann me. Det var kjempemoro. Ikkje minst det å møte Johan etterpå, ler ho.

Danseparet, som hadde Ottar Kåsa som spelemann, nådde ein så høg poengsum at dei blei med i finalen saman med dei beste i A-klassa. Aud og Alf enda på tredjeplass.

– Berre det å koma til finalen var nesten som å vinne, minnest ho nøgd.

Men i år trør ho altså dansen på scenen med den to år eldre Johan att.