Åsta Østmoe Kostveit.
Åsta Østmoe Kostveit.

Åsta Kostveit får kulturprisen

Vinnaren av Vinje kommunes kulturpris 2018 er Åsta Østmoe Kostveit.

Rauland historielag kom med forslaget til kandidaten. Det skriv Vine kommune på nettsidene sine.

– Dette var overveldande, men veldig triveleg, seier hovudpersonen sjølv fredag ettermiddag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har ikkje heilt gått inn enno. Det var verkeleg overraskande. Eg har berre sett i gang og gjort det eg synest er morosamt og interessant, eg. Det har vore eit privilegium. Men eg er veldig glad og takksam for denne anerkjenninga, seier ho fornøgd. 

Kulturprisen er 20 000 kroner og ein diplom. Prisen blir delt ut på eit kommunestyremøte i vår.

Kostveit har ei årrekke vore ein aktiv deltakar i kulturlivet i Rauland. I 1986 tok ho initiativ til å stifte Rauland historielag. Her sat ho som ei drivande og kreativ kraft og var leiar i 22 år, fram til 2009, skriv dei vidare.

Initiativtakar og forfattar

Vidare i grunngjevinga heiter det at Kostveit fekk sett i gang merking av gamle vegar i Rauland, trekt fram helleristningane på Sporanes og gravfeltet i Vå, arrangert turar både i nærområdet og lengre og gitt ut ei lang rekkje årsskrift med ulike tema og småstykke. Historielaget fekk også kulturprisen medan ho var leiar. 

I 2014 overtok ho som leiar i Rauland sanitetslag då dette stod i fare for å bli nedlagt. 

Kostveit har også gitt ut mange eigne bøker innan kultur og folkeliv. I 2018 kom det ei bok med tema «kroting på låve og fjøsvegg med kniv», det me i dag ville ha kalla tagging.