Jol i Sydney: Vinjejenta Åshild Øygarden (t.v.) og tremenningen Vilde Hallgeirsdotter Øygarden feirar jol i Sydney, Australia. Foto: Privat

Åshild feirar jol i Sydney

Eg feirar jol i utlandet fordi eg studerer Bachelor i marinebiologi i Townsville, Australia. Eg skal feire saman med Vilde Hallgeirsdotter Øygarden som feirar jol i utlandet fordi ho er på work holiday-visa. Me er tremenningar, men nære som søskenbarn.

Me er på leit etter joleribba og skal ha norsk jol hos Vilde i Sydney. Me skal også feire jol med Vildes venninne Ruth frå New Zealand, og introdusere henne for norsk jolemat. Me kjenner begge to at snøen, og jolepynt i gatene er sakna i joletida.

Eg vil gjerne helse heim til mine to familiar: mamma (Lise Thorsrud), bonusfar (Magne Kostveit), veslesyster (Margit Kostveit) og storesyster (Marit Elise Thorsrud Øygarden). Og ei helsing til pappa (Jon Erling Øygarden), bonusmor (Anne Follaug), mine tre bonussystrer og vesle Hannah. Og ikkje minst ein joleklem til besta (Marit Andersen) og bestefar (Agnar Øygarden). De er alle saman sakna!

Vilde ønsker å sende ein joleklem til besta (Wenche Øygarden) og bestefar (Halvor Øygarden).