Comeback: Arve Moen Bergset gjer comeback som folkesongar.

Arve Moen Bergset får med seg læremeisteren frå Edland når han endeleg står på scenen att som folkesongar

Etter mange års pause frå kvedinga, har Arve Moen Bergset frå Vinje latt seg lokke til å ta fram sølvstrupen heile Noreg blei kjent med på 80- og 90-talet. På scena får han mellom anna med seg læremeisteren Sondre Bratland.

Det skjer under Oslo Kammermusikkfestival i august. Konserten har fått namnet «Arvesylv», melder festivalen i ei pressemelding.

– Eg har i mange år forsøkt å overtyde Arve om å synge att. Han er nærast som eit nasjonalt ikon å rekne og representerer noko viktig i kulturhistoria vår. Ein nyskapande tradisjonsberar, seier ein begeistra Håvard Gimse, som er kunstnarisk leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergset har invitert med seg ei rekke følgesvenner som rammar inn tiåra som har gått og dei som kjem. Læremeisteren Sondre Bratland frå Edland blir med som gjest på scena, i tillegg til eit ensemble av sjeldan kaliber: Nils Petter Molvær, Frode Haltli, Helga Myhr, Håvard Gimse, Veslemøy Narvesen, og Arves dotter Margrete Skretting Bergset som kompletterer arverekkja.

Alle vil vera med og setje sitt unike preg på repertoaret som mellom anna krinsar rundt religiøse folketonar, balladar og melodiar ein kan finne hos Grieg og Tveitt.

– Det blir ein variert og passe uformell konsert. Eg gler meg veldig til å få musisere saman med desse eineståande musikarane, seier Bergset i pressemeldinga.

Konserten er på Riksscenen laurdag 22. august.

Arve Moen Bergset

Flytta til Vinje som 5-åring. Som 8-åring tok han til å gå i kvedarlære hjå Sondre Bratland, og lærte av Bratland i åtte år. Dessutan har han fått tradisjonsstoff av Ellen Bojer Nordstoga, Agnes Buen Garnås, Aslak Høgetveit og Talleiv Røysland. I 1986 gav han ut sin fyrste solokassett, «Litle fuglen». Under utdelinga av Spellemannprisen 1986 kveda han for fyrste gong på fjernsyn, 15 år gamal. Året etter vann han sjølv Spellemannprisen 1987 i klassa for Folkemusikk med plata Arvesølv.

I 1988 danna han den nyskapande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse saman med Annbjørg Lien og fløytisten Steinar Ofsdal. Etter 1997 har keyboardisten Bjørn Ole Rasch også vore med i gruppa. Dei har no halde på i over eit tiår, gjeve ut 5 plater og vunne fleire prisar. Eitt av høgdepunkta frå karrieren deira var då dei vart utvalde til å vera offisielle OL-musikarar til Vinter-OL 1994 på Lillehammer.

Arve Moen Bergset utvikla seg også på strykarinstrument, og vann fleire prisar for unge fiolinistar i byrjinga av 1990-åra. Han tok utdanning ved Noregs musikkhøgskole, og avla embetseksamen i kammermusikk/solo der i 1995. I 1996 gav han ut eit nytt soloalbum, Religiøse folketonar. Dette vart spelt inn i Oslo domkyrkje saman med Geir Inge Lotsberg på fiolin og Kåre Nordstoga på orgel.

Arve Moen Bergset har vore tilsett i Oslo-Filharmonien sidan 2003. Han sit også i det kunstnariske rådet for Vinterfestspela i Bergstaden Røros.

Kjelde: Wikipedia

Les også
Ein halvtime radio med Arve frå Vinje