Barnas beskyttar: «Sykehusklovnene kan fungere som barnas beskyttar på sjukehuset. Dei tar barneperspektivet, til barnets beste. Dei er der og lyttar», skriv psykolog Line Van den Bom Edsberg i sine studier.

Arrangerer gruppetreningsdag til inntekt for Sykehusklovnene

Sterke-Nils senteret i Seljord held ope hus laurdag 7. mars for alle som ønskjer å komme å trene og støtte Sykehusklovnene.

Alle kan bli med å trene denne dagen, medlem eller ikkje. For å delta gir ein 100 kroner til Sykehusklovnene på Vipps og kvitteringa fungerer som bevis. Ein mottar ein raud klovnenase som billett denne dagen.

– Det blir ein god miks av forskjellige gruppetimar, her blir det noko for ein kvar smak, opplyser Cecilie Ajer Verpe ved Sterke-Nils senteret i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykehusklovnene

Sykehusklovnene er ein ideell organisasjon/foreining med administrasjon i Oslo.

Sykehusklovnene hadde i 2018 over 22 000 møte med barn innlagt på sjukehus.

Over 50 sykehusklovnar er tilknytt organisasjonen, alle profesjonelle skodespelarar, trent for arbeid med barn på sjukehus.

Sykehusklovnene besøker barn mellom 0–18 år.

Hovudformålet er: «Alle barn innlagt på sjukehus skal få besøk av sykehusklovnene»

Kjelde: sykehusklovnene.no

Det blir alt frå Yoga til spinning og moglegheit til å få rettleiing i lyfteteknikk og baseøvingar.

Tren for barna: Laurdag 7. mars kan ein trene på Sterk-Nils senteret til inntekt for Sykehusklovnene.