På topptur: Emilie (2) og Amalie (5) er to ivrige toppturjenter frå Fjone. Saman med veslesyster Malin (9 mnd), mamma Svanaug og pappa Kjetil har dei alt gått sju av dei førti toppturane ein ommar kan finne på kartet til Topptur Nissedal. Her er jentene på Husfjell (518 mmoh.) på Fjone.

Amalie rakk målet sitt. Før ho fylte 5 og har ho alt gått 7 toppar i heimkommunen

– Kva topp skal me gå til i dag? Eg kjenner meg skikkeleg sprek og har superraske og sterke bein, seier ofte Amalie Fossli (5) om morgonen. Så blir det gjerne ein topptur då.

1. april starta topptursesongen i Nissedal, og Familien Fossli på Fjone har vore både til Lindefjell, Husfjell og Modølsfjell på Fjone, Røyråsen i Treungen og Vikodden, Torgrimsfjell og Rindefjell i Nissedal i år.

– Me skal til Skornetten og Storefjell også, fortel Svanaug Fossli, mamma til Malin (9 mnd), Emilie (2) og Amalie (5).

Artikkelen held fram under annonsen.

Fossli fortel at Amalie ville rekke sju toppar før ho fyller 5 år, torsdag 25. mai, for å hente årets topptur T-skjorte. Men T-skjortene var ikkje klare, så ho måtte vente litt før ho kunne hente premien for å ha samla sju toppar, så då blei det is på butikken i staden for.

Må skrive i boka: Toppturjentene Emilie (2) og Amalie (5) på fanget til pappa Kjetil på sin sjuande topptur i år. Malin kosar seg ved sida.

Alltid Kvikk lunsj

Den turglade familien på Fjone har alltid med Kvikk lunsj i sekken som dei kan kose seg med når toppen er nådd. Og det er Amalie som noterer namna til alle turgjestene i fylgjet i boka, med unntak av at Emilie på to år skriv sin eigen bokstav.

– Me har valt å gå dei kortaste og enklaste turane slik ar det skal vere lystprega og gje meirsmak. Emilie går store delar av turane sjølv, men har blitt boren litt også, seier Fossli.

Jentene er gjerne på jakt når dei er på tur.

– Me har sett to hoggormar, to stålormar, ei ørn, ein hare, tre rådyr, masse elgbæsj, orrhønebæsj og tusenvis maur, fortel jentene.

Saman på tur: Amalie (t.v.) og veslesyster Emilie tar ei toppturpause på veg til Lindefjell (689 moh.) saman med Madeleine Holte Skaali.

Flott t-skjorte i premie

Fram til 9. september, når fuglejakta startar, kan ein vere med på satsinga Topptur Nissedal og gå til 40 ulike toppar i kommunen. Premien, når ein har samla nok toppar er ei t-skjorte med logo teikna av Mia Espelid som illustrerer branntårnet på Solhomfjell på Felle.

På Nissedal kommune si heimeside kan ein lese at for sesongen 2023 har dei stort fokus på sporlaus ferdsel, bandtvang og omsyn til jakt.

– Premien for deltaking for vaksne er som vanleg betre form og ei ny t-skjorte med toppturlogo og oversikt over alle dei 40 toppane, når du har gått 10 ulike toppar. Barn fødd i 2013 eller tidlegare og eldre over 70 år får topptur T-skjorte når dei har gått 7 toppar. For å registrere toppturane ein ynskjer å gå kan ein lage ein brukar på Telltur, og bli med på ulike temakonkurransar, mellom anna topptur Nissedal, melder kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her finn du ei oversikt over 40 toppturar i Nissedal.

På skattejakt i skogen: Emilie (2 år) og Malin (9 mnd) saman med mamma Svanaug på veg til topptur.
Kosar seg: Malin Fossli (9 mnd) på topptur.
Sporlaus ferdsel

Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Difor er Topptur Nissedal opptatt av sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen.

Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlet deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske.

Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:

– Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andres søppel

– Dopapir/tørkepapir: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim

– Brenn bål berre når det er lov, og bruk gamle bålplassar om det er. Ikkje brenn bål på svaberg.

– Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall.

– Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørt natur.

– Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.

Kjelde: Nissedal kommune