Barnekoret: Denne veka hadde barnekoret Abba konsert på Granvin i forbifarten.

Alt er bare Abba

Kulturskuleelevane i Seljord varmar denne veka opp publikum med konsertar i forbifarten før det blir både teater og musikk frå Abba på framsyninga torsdag kveld.

Torsdag kveld inviterer teatergruppa, ulike song- og musikkelevar og lærarane ved Seljord kulturskule til Abba-framsyning i kinosalen på Granvin kulturhus i Seljord.

– Heile veka har det vore og blir det Abba-tema på ulike musikalske innslag på Granvin, mellom anna med konsertar i forbifarten både på ettermiddag og kveldstid, seier kulturskulelærar Gunn Steinstad og kulturskulerektor Anne Torunn Øverbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teatergruppa til kulturskulen, som starta opp i fjor haust, har sett Mamma Mia-filmen, og skrive om og laga ulike scenar frå filmen som vil ramme inn konserten.

– Dette skaper ei handling der det også blir musikalske innslag frå lærar- og elevband, alt sjølvsagt henta frå Abba sitt repertoar, seier Øverbø.

Fredag inviterer kulturskulen elevane frå Seljord og Flatdal skule til den same Abba-framsyning på dagtid.

Kulturskulen brukar Granvin til alle sine aktivitetar dei har i Seljord.

– Me er veldig glade for at me har så godt eit samarbeid og høve til å finne på mykje forskjellig, seier kulturskulerektoren.

Abba i forbifarten: Benedikte Heggtveit (t.v.), Tiril Juvik Svenden og Gunhild Aase.