Allemannsretten gir oss alle rett til å ferdast og opphalde oss i utmarka i Noreg – så sant ferdselen skjer «omsynsfullt og med tilbørleg varsemd». I praksis betyr det at me også har ei generell plikt til å opptre varsamt og omsynsfullt i møte med naturen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Alt du tek med ut på tur, må du også ta med heim

Du har sikkert høyrt om allemannsretten. Men visste du at du også har ei allemannsplikt?

Allemannsretten gir oss alle rett til å ferdast og opphalde oss i utmarka i Noreg – så sant ferdselen skjer «omsynsfullt og med tilbørleg varsemd». I praksis betyr det at me også har ei generell plikt til å opptre varsamt og omsynsfullt i møte med naturen. Ei av pliktene er såkalla sporlaus ferdsel. Det betyr at naturen skal vere like fin når du forlèt han, som då du kom.

* Alt du tek med deg ut i naturen, skal du også ta med heim. Det inkluderer all søppel.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Unngå å hogge i eller ned friske tre når du skal setje opp camp eller henge opp hengjekøye. Før du forlét staden, skal du alltid rydde attende steinar og tømmerstokkar du har flytta på.

* Ikkje forstyrr eller skrem dyr, og ver spesielt obs i tida når dei parar seg, hekkar eller ynglar.

* Hugs bålforbodet mellom 15. april og 15. september. I denne perioden kan du likevel unnataksvis tenne bål, dersom det openbert ikkje medfører brannfare, til dømes etter mykje snø eller nedbør. Det er ikkje lov å skade friske tre for å skaffe brensel. Ta med deg ved viss du ikkje er sikker på at du finn tørre greiner. Bruk eksisterande bålplassar om det finst. Ikkje legg bålplassen rett på eit svaberg slik at berget sprekk. På strender gjer eit bål lite skade. Bruk alltid steinar under bålet for å bevare underlaget og avgrense bålet. Sjekk vêr- og vindforhold og ha alltid vatn tilgjengeleg. Brenn berre ved, papir og anna brennbart materiale. Sløkk svært godt og rydd opp alt etter deg. I nasjonalparkar og andre verneområde er det eigne reglar for bålbrenning.

* Om du går på do i naturen, må du ha med deg dopapir, ein liten spade og plastpose. Gå langt bort frå stiar og rasteplassar, og minst 100 meter unna bekkar, elvar eller innsjøar der folk drikk vatn, fiskar og badar. Grav eit stort hol i bakken. Når du er ferdig, fyller du igjen med jord. Ta med dopapiret, tampongar osb. heim.

Kjelder: Miljødirektoratet, DNT

(©NPK)

Alt du tek med deg ut i naturen, skal du også ta med heim. Det inkluderer all søppel. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Bruk eksisterande bålplassar om det finst. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Ikkje legg bålplassen rett på eit svaberg slik som her. Då kan berget sprekke. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Rett på ei strand gjer eit bål lite skade. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Allemannsretten gir oss alle rett til å ferdast og opphalde oss i utmarka i Noreg – så sant ferdselen skjer «omsynsfullt og med tilbørleg varsemd». I praksis betyr det at me også har ei generell plikt til å opptre varsamt og omsynsfullt i møte med naturen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Dopapiret må du ta med heim, og ikkje la liggje og slenge slik som her. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK