Universitetsavdelinga på Rauland. Foto: Randi Berdal Hagen

Alle universitet og høgskular bryt mållova

Universitetet i Søraust-Noreg med avdeling i Bø og Rauland er blant dei som ikkje fylgjer lovkravet om veksling mellom målformene.

Det er den uavhengige nyheitsavisa for høgare utdanning og forsking, Khrono, som melder om at ingen av universiteta eller høgskulane fylgjer kravet om veksling mellom målformer.

I fjor var Universitetet i Søraust-Noreg verstingen på lista, trass i at dei har avdelingar på nynorskstadane Bø og Rauland. Då uttala rektor Petter Aasen at han trudde prosentdelen nynorsk ville stige, på grunn av nye språklege retningsliner, som spesielt skulle ta omsyn til studiestadane i dei to nynorskkommunane.

Dei ferskaste tala viser ein liten betring i løpet av det siste året. Størst er framgangen i sosiale medium, der delen nå er 10 prosent. Innhaldet på nettsidene har auka frå 2,1 prosent til 2,9 og delen i korte tekstar var i 2019 på 2,4 prosent (0,5 prosent året før), skriv Khrono.

Lovkravet er at verken bokmål eller nynorsk skal vera representert med mindre enn 25 prosent. I dei fleste tilfella betyr dette å leggje til rette for nynorsk. Statistikken Khrono har fått frå Språkrådet viser at ingen av studiestadane er i nærleiken av å fylgje kravet.

Alle statlege institusjonar har plikt til å rapportere tal til Språkrådet.

Ved universitetet i Oslo (UiO) var til dømes berre 2,6 prosent av innhaldet på nettsidene samla sett på nynorsk i 2019.

Høgskulen på Vestlandet er best i nynorskklassa, men dei er «så gode» at dei framleis bryt lovkravet. I kategorien korte tekstar er nynorskprosenten 80 – dermed er det altså mindre enn 25 prosent bokmål.