På toppen - 1136 moh.: Lars Marlon Heggtveit, Astrid Marguerite Berstad, Mari Gjerli Opsund, Madelen Østtveiten-Andersen, Abram Lindheim, Ole Marcus Krogsæter Vala, Øystein Byggland, Annika Louise Hendriks Flatin, Aslak Lie Lundeberg, Sjur Saxhaug, Halvor Heggtveit, Johanne Helena Håtveit, Elise Gjerlid Opsund, Såvi Byggland, Ørjan Kåsin, Thea Helena Nielsen Sigurdslid, Maren Heggtveit. (Namna er ikkje i rekkefølge) Foto: Privat

Alle kom til topps - 1136 meter over havet

Fredag var elevane ved Brunkeberg oppvekstsenter på tur til Kviteseid sin nest høgaste topp, Ordalsåta.

– 1.-4.-klasse ved Brunkeberg oppvekstsenter gjekk tur til Ordalsåta, og alle kom opp. Det var god stemning heile turen, fortel Ingrid Asdahl, lærar ved Brunkeberg oppvekstsenter.

Spreke og positive ungar hadde ein flott dag, med turbingo på veg til toppen, og gode pausar innimellom. Løypa er i overkant av 4 kilometer lang med ein høgdeforskjell på 518 meter.

Ordalsåta ligg 1136 meter over havet, og er den nest høgaste toppen i Kviteseid kommune. Den fyrste kilometeren av løypa er langs ein traktorveg opp til Grønli. Vidare går turen langs myrar, fjell og stiar. Ved varden på toppen har ein kjempefin utsikt.

Gjennom skog og over myr … Foto: Privat
Aktivitet: Det var godt med litt oppgåver på veg til toppen. Foto: Privat
Fin tur Foto: Privat