Astrid Versto skal leie festkvelden under 200-årsjubileet av Aasmund Olavsson Vinje. Ho seier dagens journalistar har mykje å lære av han.

Aasmund Olavsson Vinje

– Han kunne vere krass, og til og med frekk, men det står respekt av korleis han kunne tvile i spaltene, seier Astrid Versto.

Astrid Versto frå Vinje skal leie festkvelden på Vinjehuset laurdag. Ho har mange års røynsle som journalist. Dei seinare åra har ho vore diplomat i utanrikstenesta. I dag er ho Noregs ambassadør i Kroatia.

– Kva journalistisk arv etterlèt A.O Vinje seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje var ein pioner. Han var den moderne journalistikkens far, også språkleg. Ivar Aasen hadde skapt eit nytt språk, Aasmund Olavsson Vinje tok det i bruk i journalistikken gjennom Dølen.

Han stilte spørsmål ved hendingar og tankar i tida. Han var kritisk, men hovudmålet hans var å opplyse og gjera folk klokare. Og skulle ein fange interessa til folk måtte ein skrive populært, meinte Vinje. Han kunne vera krass, til og med frekk, men det står respekt av korleis han også kunne tvile i spaltene.

Tvisynet hans kom tydeleg fram i journalistikken. Og det er nettopp dette som kjenneteiknar ein god journalist, også i dag, tenkjer eg. Dette å sjå ei sak frå fleire sider, ikkje hoppe for raskt på konklusjonar, seier Versto.

Hans motkrefter var sterkare enn våre

– Kva har A. O Vinje betydd for deg, og har han påverka deg på nokon måte?

– Ja, på fleire måtar. Ikkje minst gjeld det språket. Som journalist har eg ofte tenkt at når Aasmund Olavsson Vinje bruka nynorsk og blei respektert for det på si tid, skal i alle fall eg aldri gå vekk frå nynorsken som mitt journalistiske språk.

Han har vore eit førebilete. Hans motkrefter var sterkare enn våre, men han lykkast. Han blei ein einar. I tillegg har eg vore påverka av hans rotfaste tilknyting til Vinje og andre bygder, men på same tid til byen og til Europa. Eg kjenner meg att i dette. Til lenger vekk eg reiser for å arbeide, til sterkare blir Vinje-røtene mine. Men det å lære nye kulturar å kjenne, få impulsar kan også utvikle ein som menneske. For Vinje, som både diktar og journalist var denne vekslinga viktig.

– Kva bør dagens journalistar lære av A.O. Vinje?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mykje. Journalistikk, og ikkje minst mediebiletet, i dag er mykje annleis enn på Vinjes tid. Meldingar er kortfatta, og alt går så fort. Kampen om sjåarog lesar-tal blir viktigare enn kvaliteten på journalistikken.

Nettopp derfor er det viktig å ikkje gløyme den arven Vinje etterlèt seg. Og så er det språket. For ein journalist er det viktig å vera nøyen med språket. Det er det viktigaste verktøyet i formidlinga. Også her var Vinje ein føregangsmann. Hadde det vore opp til meg, burde Ferdaminne vera obligatorisk lesing for journalistar. For ei reiseskildring!