Folksamt: Solskin, musikk og politikk under den offisielle opninga av Dyrsku'n på fredag.

28 000 besøkte Dyrsku'n på fredag. – Betre kontaktannonse enn Dyrsku-opninga skal du leite lenge etter

28 000 var innafor portane i løpet av Dyrsku-fredagen. På den offisielle opninga var det dyreparade, musikk og politisk debatt med fokus på norsk landbruk og den viktige maten.

– Ein applaus til vêrgudane, oppmoda Aasmund Nordstoga som leia den offisielle opninga av Dyrsku'n i kjent stil med stev, humor og snert.

– Ja, for dei har sanneleg ikkje vore greie med oss gardbrukarar i sommar. Eg var ute å slo og det var som å slå i ei riseng, la han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den beste kontaktannonsen

– Folkefest det er me gode på i Seljord. Ja, det er som i songen «årets høgtid er Seljordsjået», sa Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Ho rosa den veldige dugnadsinnsatsen som seljordingane legg ned kvart år for at Dyrsku'n skal bli det arrangementet det er. Og nytta høvet til å lokke til seg fleire innbyggarar.

Ønskte velkomen: Ordførar, Beate Marie Dahl Eide, rosa dugnadsinnsatsen til seljordingane, og ønskte velkomen til fleire innbyggarar.

– Betre kontaktannonse enn Dyrsku-opninga skal du leite lenge etter. Me har folketal i vekst, men me har plass til fleire. Lærarar, ingeniørar, snikkarar – det som er. Hjarteleg velkomne skal de vere, sa ordføraren.

To representantar frå regjeringa

Både landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) representerte regjeringa på årets fesjå.

Musikalsk introduksjon: Alle gjestene vart introdusert med eit stev av Aasmund Nordstoga, og ingen unntak frå landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

– Kva betyr Dyrsku'n for landbruket, spurte Nordstoga.

– Ein får vist fram landbruket. At landbruket er maskiner og vitskap – landbruket er rock 'n' roll. I tillegg til at det er historie og kultur her, svara Pollestad.

Då Pollestad og mat og berekraftsgründer Hanne-Lene Dahlgren møttest til debatt, var sjølvsagt kosthald og matproduksjon i fokus.

– Kva slags omstilling må bonden gjennom om me skal nå klimamåla, spurte Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må omstille oss, men me må sjå på politikarane og ikkje på bonden. Bonden tener for lite allereie, svara Dahlgren.

Pollestad meinte ein ikkje skal legge klimamåla borti norske kosthaldsråd.

– Eg vil for eksempel ikkje redusere kjøtproduksjonen i Noreg, for så å auke importen av kjøt, sa han.

– Det er heller ikkje på bordet. Kosthald handlar om helsa vår, og eg vil ikkje ete opp ungane mine sin moglegheit til å dyrke, svara Dahlgren.

Heitt om mat: Det vart temperatur i ordskiftet då landbruks- og matminister Geir Pollestad og mat og berekraftsgründer Hanne-Lene Dahlgren møttest til debatt. Erik Aasheim leia debatten.

Pollestad har tidlegare sagt at han synest kjøtfri måndag er noko jåleri. Han stadfesta at han framleis synest det, og meinte at folk må få skinke i kantina på jobb også på måndagar.

– Folk treng ikkje bli vegetarianarar. Det er snakk om å ta kjøttforbruket tilbake til 1989, då synest mine besteforeldre at det var luksus for dei hadde aldri ete så mykje kjøt før. Det handlar om å minske porsjonen på tallerkenen, svara Dahlgren.