Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det, heiter det i teksten til lyrikar Aslaug Låstad Lygre. Likevel har sjusovardagen plass på primstaven midt på sommaren.Foto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK

27. juli kan du sova bort sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det, heiter det i teksten til lyrikar Aslaug Låstad Lygre. Likevel har sjusovardagen plass på primstaven midt på sommaren.

Det kan kanskje virke freistande for dei fleste med ein dag kor ein med godt samvit kan liggje å dra seg litt lenger enn vanleg, men Sjusovardagen handlar slett ikkje om å sove. Sjusovardagen er nemleg ein minnedag for dei sju sovarane kjende frå ein katolsk myte.

Katolsk høgtidsdag

Sjusovardagen er markert på primstaven den 27. juli. Til liks med mange av dei andre dagane på primstaven har dagen katolsk opphav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei sju sovarane var ifølgje ein legende sju kristne unge menn frå Efesos som under forfølging frå keisar Decius i cirka år 250 flykta inn i ei hole og blei mura inne der av forfølgjarane sine. Då hola blei opna 200 år seinare under keisar Theodosius 2., fant ein dei sovande, heiter det i ein artikkel om dei sju sovarane i Store Norske Leksikon.

Ifølgje legenda vakna dei sju sovarane ein augneblink, erkjende trua si for biskopen, og sovna så inn i døden, medan kyrkjelyden jubla over det store underet.

Ifølgje Den katolske kyrkja meiner enkelte at legenda om Dei sju sovarane byggjer på ønsket om å sove seg bort frå alle problem og vente på betre tider.

Lang søvn

Legenda om dei sju sovarane har gitt namn til omgrepet sjusovar, som refererer til ein som søv tungt og lenge.

Minnedagen for Dei sju sovarane var merka av på norske primstavar som Sjusovardagen og til liks med fleire andre merkedagar på primstaven skulle òg vêret på sjusovardagen varsle korleis vêret kom til å bli i tida framover.

– Som vêret var den dagen skulle det bli i sju veker, heiter det i artikkelen til Store Norske Leksikon.

Ifølgje Den katolske kyrkja heitte det i Tyskland at regn på Sjusovardagen ville gi regn i sju veker.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan kanskje virke freistande for dei fleste med ein dag kor ein med godt samvit kan liggje å dra seg litt lenger enn vanleg, men Sjusovardagen handlar slett ikkje om å sove.Foto: NTB
Sjusovardagen er markert på primstaven den 27. juli. Dagen handlar ikkje om å sove lenge, men å minnast dei sju sovarane frå ein katolsk legende. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK