Foto: Arnt Helge Jacobsen

25 000 besøkte festivalen: – Trur mange har med seg minne for livet

25 000 besøkte Countryfestivalen i Seljord.

Det er tre år sidan sist Countryfestivalen blei arrangert i Seljord. Festivalleiar Yvonne Eilefstjønn er strålande fornøgd med gjennomføringa av den 22. festivalen.

– Me er svært godt fornøgde, og gler oss over at så mange ynskjer å besøke oss. Blandinga av nye og gamle besøkande viser at Countryfestivalen både trekkjer til seg nye gjester, i tillegg til at det svært lojale publikumet kjem att, seier Eilefsjønn, som elles fortel om svært mange positive tilbakemeldingar.

– Artistane leverte fantastiske konsertar og eg trur mange har med seg minne for livet. Det er fantastisk å vera tilbake med Countryfestivalen på Dyrskuplassen, seier Eilefstjønn i ei pressemelding.