Aspirant: Emil Solbu Ryland frå Høydalsmo og Lårdal skulekorps

125 musikantar frå Vest-Telemark på korpsstemne

Musikantar frå ni ulike korps samla seg til stemne og konsert i Tokke kulturhus på laurdag.

– Det er mange små korps i Vest-Telemark. Me håpar det å få spele saman med så mange, som det er her i dag, er ein boost for spelegleda.

Det seier Siri Møller-Holst som er dirigent for Tokke skulemusikk. Saman med Høydalsmo og Lårdal skulekorps er dei i år arrangør av Vest -Telemarkstemnet. Musikantar frå Fyresdal, Kviteseid, Flatdal, Seljord, Rauland, Edland, Hjartdal, Høydalsmo og Lårdal og Tokke var samla for øving og felles konsert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flatdal skulekorps: Eit utval av medlemmene frå korpset i Flatdal. Halvor Kvåle Rue, Håkon Sudgarden, Gunhild Aase, Mari Sudgarden Lia, Andrea Mæland.

Fellesskap i Vest-Telemark

– Dette skal vere ein dag for å møtast, bli kjent og lære nytt stoff, seier Solveig Prestegard, som er styreleiar i Tokke skulemusikk.

Ho trur det er viktig at korpsa i Vest-Telemark møtast for å ha eit større fellesskap.

– Dette er veldig sosialt. Me håpar at det er motiverande for ungane og er veldig glade for at me kan samle alle igjen nå.

Tokke skulemusikk: Musikantane frå Tokke kunne prøve dei nye uniformene (f.v.) Lina Burgod Lillegård, Astrid Jonette Løvold Askje, Kisanet Fisehaye Tesfagergis og Ask Nes Hauer

I korpsa spelar vaksne og born saman.

– Dei vaksne er viktige som støttespelarar, forklarer Prestegard og legg til at nye vaksne også er velkomne i korpsa.

God stemning: Ungane såg ut til å kose seg på stemne. I pausene var det også tid til litt leik.

Instruktørar frå Trondheim

Arrangørane trur det er viktig med impulsar utanfrå. Dei har derfor leigd inn to eksterne instruktørar, Eirik Jacobsen Lauvås og Linn Astrid Skjerve.

– Dette er eit kjempekorps. Det er utruleg stas å få komme hit, seier Lauvås.

Han reiser mykje rundt i landet på samlingar og stemner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Rauland: Julie Aksvik (f.v), Ingrid Olivia Oien Nykos, Gabriela Konnonova og Elisabet Malaika Haar Christensen spelar i Rauland musikkorps.

Meir enn 17.mai og jolesongar

Arrangørane er opptekne av å vise at korps er meir enn 17.mai og jolesongar. På konserten framførte aspirantane ei lydforteljing. Juniorane framførte tre songar, blant anna Born in the USA av Bruce Springsteen, og dei eldste hadde både Fame og Hellbillies på programmet.

– Ein å legge inn litt innsats for å lære seg å spele eit instrument, men når ein fyrst har lært seg det grunnleggjande så er det ei investering for resten av livet, seier Solveig Prestegard.

I nye uniformer: Sunniva Dam Lang, Synva Prestegard Felland og Karin Elise Karlsen