Rusfri 16.-maifest: Byting testar lyden på scenen midt i Dølten-lokalet. Snart skal dei spele for hundre ungdommar.

Hundre ungdomar frå fem kommunar feira 16. mai med Byting

Medan Byting varmar opp, strøymer det ungdom inn i Dølten-lokala i Haukeli. – Me har fått med oss nesten alle dei rusfrie festane i Vest-Telemark, fortel ein jentegjeng frå Høydalsmo, Eidsborg, Haukeli og Vågslid.

Dei fem venninnene trur Byting-konserten blir bra, og synest dei rusfrie festane for heile Vest-Telemark er trivelege.

– Særleg det å møte folk frå andre stadar!

Artikkelen held fram under annonsen.

I lomma har dei kupongar som kan bytast i sukkerspinn og slush.

– Men me tek det litt seinare.

Moro å bli kjende 1: Desse fem har vore på dei fleste rusfrie arrangementa i Vest-Telemark, og synest det er moro å treffe unge frå andre stadar – f.v. June Aalandslid, Sofie Vågslid, Mathea Gulseth, Andrea Groven Spånem og Sigrid Moen Lofthus.
Moro å bli kjende 2: Sofie Lundarvollen (t.v.) og Ane Slåtta er frå Åmot, og meiner at dei rusfrie festane er sosiale og trivelege. Jentene var også med på det førre arrangementet i kommunen, som gjekk føre seg på Vinjehuset. – Der vart me kjende med fleire nye frå både Edland og Rauland.

Heilt gratis

Slush- og sukkerspinnkupongane har ungdommane fått utdelt i døra, der også inngangen er gratis. I tillegg er turen til og frå festen gratis. Det er Vinje kommune som betalar for arrangementet og spanderer buss på Vinje-ungdommane. Transporten frå dei andre kommunane har blitt ordna av kvar kommune.

Dei påmelde kjem frå Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid og Bykle, og kvar gruppe kjem i følge med vaksne frå sin heimkommune.

– Eg har med meg ein full buss og fleire personbilar med ungdom, smiler ungdomsklubbleiar i Tokke, Tor Øystein Gravdal. Så blir han litt alvorleg.

– Men 16. mai er ein litt vanskeleg dato. Alle eg kom med er 8. og 9.-klassingar. Dei som er litt eldre har ikkje meldt seg på, og det er jo synd, for det er jo dei me verkeleg burde hatt her, seier Gravdal.

– Men dei er nok på Dalen.

Uteleik: Det er mykje å finne på inne i klubblokalet, men på 16. mai-festen skjer det også ein heil del ute. På ein stor plass omgitt av lange festivalgjerde kan ungdommane slå seg laus i fleire oppblåsbare gummiinstallasjonar, noko Vegard Skogheim Særen (t.v.) og Kjetil Bergland er i full gang med.

Årleg 16. mai-fest

Ungdomsklubbane i Vinje samarbeider om å organisere Byting-konserten, og ungdomskoordinator i Vinje, Liv Kristin Krog, håpar årets fest vert starten på ein fast tradisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å arrangere rusfri fest kvar 16. mai.

Dei har valt denne datoen for å gje ungdommane eit tilbod som trumfar fyllefestane.

– Me vil at dei skal vere her på 16. mai, og ikkje på Dalen, seier Krog.

Men festen handlar like mykje om å skape kontakt.

– Her kan dei kose seg og ha det moro, og omgåast på tvers av bygdene.

Dessutan har Krog trua på Dølten-lokalet som konsertarena.

– Her er scenen midt i lokalet, og det trur eg er gunstig. Når scenen er i ein eigen sal, vel mange å henge i andre rom eller dra ut i sentrum. Det erfarte me då me hadde konsert på Vinjehuset tidlegare.

Samarbeid: Alle tre ungdomsklubbane i kommunen er med på å stelle til den rusfrie 16. mai-festen i Haukeli. – Det er avgjerande å samarbeide om eit arrangement som dette, seier ungdomskoordinator Liv Kristin Krog.

Ettertrakta ungdomsband

Det er ikkje fyrste gongen Byting underheld unge telemarkingar. Dei spela i Treungen i fjor, og i starten av juni går dei på scenen i Sauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me set stor pris på å bli bedne hit til Vinje. Slike jobbar er noko av det trivelegaste me gjer, og det er supert at det dukkar opp folk, seier vokalist og gitarist Thomas Hellekås.

Han bruker mest tid på musikken, men ved sida av jobbar han med ungdom som treng ny giv for å gjennomføre vidaregåande skule.

– Det er moro å helse på ungdommen, og ein får meir kontakt med publikum på rusfrie festar. Og dette er jo morgondagens publikum.

– Er det ein av songane dykkar som de verkeleg vil at ungdommen skal ta til seg?

– Det er vanskeleg å plukke ut ein. Me er glade i historier, og viss ein høyrer etter vil ein oppdage at det er eit univers med personar som går att i dei ulike songane. Men me håpar jo at nokon syng med.

Les også
Knallstart på rusfritt arrangement