Triveleg: Gjengen set pris på at det har kome opp ei grillhytte og eit nytt tilbod. Frå venstre: Håvard P. Tveit, Thor Oddvar Rekvik, Egil Oleiv Tveit, Olav Jakob Tveit, Olav Rostveit, Astrid Birkrem og Liv Mørland Tveit. Til høgre er Renate Hassel, dagleg leiar i Nissedal frivilligsentral.

Veldig nøgde med det nye møtepunktet: – Eg håpar folk tek med seg dei som sit aleine heime hit på tysdagane

Nissedal frivilligsentral har fått på plass nok eit tilbod. Sentralen har sytt for grillhytte nær omsorgssenteret i Treungen, og har tilbod om møtepunkt for heimebuande eldre kvar tysdag.

Frivilligsentralen har lokale under Spar-butikken i Treungen. Den aktive sentralen med mange hjelparar har tilbod om handarbeidsstoge, samling som blir kalla kaffivennene, middag for heimebuande, turar ut i grendene, driv bruktbu og har samarbeid med kommunen om mellom anna Bok & Prat og å ha diskusjonstimar.

Renate Hassel er dagleg leiar i frivilligsentralen. Ho fortel at etter to førespurnader til Statsforvaltaren, kom det totalt 135 000 kroner i tilskot i retur til å bygge grillhytte like ved omsorgssenteret og dei ni omsorgsbustadene i nærområdet. Noko av summen gjekk til å etablere rullestolveg opp til grillhytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått så mykje hjelp av Statsforvaltaren i koronatida, seier ei nøgd Hassel.

Opp på dugnad

Etter at pengane frå Statsforvaltaren var sikra, utfordra frivilligsentralen dei fem mennene Arne Skåli, Thor Oddvar Rekvik, Arne Berggren, Odd Valle og Odd Roar Bø til å få opp grillhytta.

– Dei stilte opp i vår – ein kjempefin gjeng, seier Hassel.

I september starta frivilligsentralen eit nytt tilbod som skal vere på plass kvar tysdag fram til jol. Dei som bur i kommunale omsorgsbustader og andre eldre heimebuande kan møtast ved grillhytta for triveleg samvær. I tillegg er eit nybygd fellesrom mellom dei fem nye omsorgsbustadene og omsorgssenteret disponibelt.

– Frivilligsentralen hadde lyst til å vere med og bidra til eit aktivitetstilbod til både heimebuande og dei som bur på sjukeheimen. Med heimebuande meiner eg også dei som bur i omsorgsbustadene, for det er jo heimen deira, seier frivillig hjelpar Oddrun Rekvik, som brenn for oppgåva si.

Fellesrom: Mange var på plass i fellesrommet som blei bygd samtidig som fem nye omsorgsbustader. Rommet er møtepunkt og aktivitetsplass på tysdagane framover.

Hassel seier dette om kva som skal skje i fellesrommet og ved grillhytta framover:

– Vegen blir til medan me går. Her kan me ha samvær og ulike aktivitetar. Det er ni frivillige som har sagt dei har lyst til å vere her på tysdagar, og det er kjempebra.

Mange møtte

Den fyrste tysdagen det nye tilbodet var på plass, steikte Nissedal bygdekvinnelag sveler til dei som møtte – nesten 40 personar inkludert hjelparar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er to her i dag som laga svelerøre heime. Men så kom det så mange folk her at me måtte ned på butikken og kjøpe mjøl og anna slik at det blei nok sveler å servere, seier Ellen Nordbø i bygdekvinnelaget.

Ho rosar det nye tiltaket til frivilligsentralen.

– Tilbodet er kjempefint. Eg håper folk tek med seg dei som sit aleine heime hit på tysdagane, seier Nordbø.

God plass: Ellen Nordbø (t.v.) frå Nissedal bygdekvinnelag og Oddrun Rekvik og Renate Hassel frå frivilligsentralen i grillhytta der det er plass til mange.

Hassel skyt inn at dei er så mange på frivilligsentralen at ein vil prøve å vere hjelpsam med å stille med sjåfør og bil for eldre som treng transport.

– Frivilligsentralen har behov for ein sjusetar bil, nemner Hassel i tillegg.

Heilt fantastisk

Solveig Nilsen, avdelingsleiar for heimebaserte tenester, dukkar opp denne dagen mellom grillhytta og fellesrommet.

– Tilbodet som frivilligsentralen har laga til er heilt fantastisk. Kommunen har ikkje moglegheit til å lage aktivitetar som dette, seier Nilsen.

Fellesrom: Fellesrommet (t.h.) er bygd inntil omsorgssenteret. Like ved er det fem nye omsorgsbustader.

Like utanfor grillhytta sit ein gjeng som alle er fornøgde med det nye tilbodet frå frivilligsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kan sitje her med bål og kaffi og svele, seier ein nøgd Olav Jakob Tveit på ein dag med fint vêr.

– Det kan ikkje bli betre tilbod enn dette, seier Olav Rostveit med eit smil.