Furu, Bjørk og...Gran?: Slik ser dei nye hybelbygga Furu (t.v.) og Bjørk ut frå lufta. Til høgre ser me omrisset av det som skal bli ein sosial møtestad for studentane. Foto: ssn.no

Studentar har telta og sove i bilen – no kan dei flytte inn i Furu og Bjørk

– Dette er noko anna enn studenthyblane på Volda i mine studentdagar, humrar rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, medan han set seg til rette i sofaen i ein av dei nye hyblane ved campus Rauland.

Andre tider: Det var ein litt annan standard den gongen Jan Myrekrok (t.v.) budde på hybel på Volda. Både han og ordførar Jon Rikard Kleven gler seg over at Studentsamskipnaden har satsa stort på Rauland.

Me er i ei av parleilegheitene i fyrste høgda av det splitter nye hybelbygget Furu. Ordførar Jon Rikard Kleven har ikkje ro på seg til å sitje, og sprett opp for å undersøke kjøkkenfasilitetane.

– Det er ei ekstra glede å vere her i dag, ut over at sjølve bygga er så fine, seier Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For ei slik satsing viser at dette er noko varig. Denne staden blir ikkje lagt ned.

Spolar me attende til 2016 såg framtida slett ikkje så ljos ut. Dette året vart høgskulen i Telemark fusjonert med Høgskulen i Buskerud, noko som gjorde at avdelinga på Rauland vart endå meir i utkanten. Samstundes var undervisningsbygget utdatert, og leigeavtala med høgskulen i ferd med å gå ut.

– Me kjende litt på sentraliseringsspøkelset då, vedgår Myrekrok.

Men studietilbodet vart vidareført, og i 2018 fekk dei fusjonerte høgskulane universitetsstatus. Sidan har undervisningslokala på Rauland blitt moderniserte og pussa opp, og studenttalet har etter kvart dobla seg samanlikna med 2016. Auken i studenttal førte likevel med seg med seg nokre nye problem – dobbelt så mange trong ein stad å bu.

Telt og bil

Det er derfor ein temmeleg euforisk gjeng beståande av USN-tilsette og folk frå Studentsamskipnaden, Vinje kommune, arkitektar og byggefirma som vandrar rundt i dei to splitter nye hybelbygga på campus Rauland.

– Det er lite å finne i den private marknaden, og me veit at nokre av studentane våre har budd i telt og sove i bil på parkeringsplassen. Så det har vore eit stort behov for bustadar, seier Gro Bratsberg, som har ansvar for bygningsmasse og infrastruktur på USN Rauland.

For framtida: Hans Erik Stormoen i SSN er stolt av dei nye bygga deira. – Me kjem ikkje til å tene pengar her på mange år, men me har bygd berekraftig og miljøvenleg. Dessutan er dette nokre av dei finaste bustadane me nokon gong har bygd.

Bygga har fått namna Furu og Bjørk, etter forslag frå ein av dei internasjonale studentane. Begge inneheld 16 hyblar og 5 parleilegheiter, og har dermed plass til 52 av USN Rauland sine 140 studentar. Bueiningane er på mellom 25 og 30 rutemeter, og kvar av dei har kosta kring 1,4 millionar å bygge, finansiert av SSN gjennom husbanklån og tilskott frå Kunnskapsdepartementet. Skorve entreprenør har stått for bygginga.

– Dette er ikkje eit prosjekt me tener pengar på med det fyrste, innrømmer Hans Erik Stormoen medan han tek oss med nedover korridoren mellom hybeleiningane. Han er administrerande direktør i Studentsamskipnaden (SSN) i sør-aust, som har bygd bustadane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me har bygd for framtida – solid, berekraftig og miljøvenleg, seier han, og forklarar at alle innerveggar er laga av heiltre i dei nye bygga. Vidare har dei ti geobrønnar som skal syte for all oppvarming, medan mykje av det øvrige straumforbruket skal bli dekt av solcellepanela på taket.

Ikkje venteliste – enno

Med studiestart er rett rundt hjørnet er det mange studentar rundt om i landet som manglar ein stad å bu. I sør-aust er det Hønefoss som slit mest, ifølge Stormoen. Der står 140 på venteliste. Så langt er det ikkje kø på Rauland, og nokre parleilegheiter er framleis ledige.

– Men når studentane som er busett i Øyfjell eller Åmot ser kor fint det har blitt her, er eg sikker på at vil dei flytte hit. Så neste år kan det nok bli venteliste, seier Stormoen.

Han har no tatt oss med opp i andre høgda, der einmannsbustadane er.

Luftig hybel: Hemsen utnyttar arealet over gang og bad, og får dagsljos både frå eit takvindauge og frå kjøkken/stove-rommet. Her oppe har ein både seng, skrivebord og skap. – Dette er unikt. Me har aldri bygd hyblar med slik romløysing før, seier Stormoen (her med ryggen mot glaset).

– Me meiner rimeleg objektivt at dette er nokre av dei finaste bustadane me nokon gong har bygd. Romløysinga her i einmannshyblane med trapp og hems er heilt unik, og gjev mykje ekstra plass.

– I våre vanlege hyblar ville du kanskje hatt ein meter lenger her nede, så du fekk inn både seng og pult. Medan her har du seng, pult og oppbevaring på hemsen, og her nede ved kjøkkenet har du plass til sofa og bord.

Lur hems: Hans Erik Stormoen (t.h.) viser kor mykje lenger opphaldsrommet er i deira vanlege hyblar, utan hems. Bakdelen med denne plassutnyttinga er at ein må vere i stand til å klatre opp og ned den bratte trappa. – Men alle parleilegheitene i fyrste høgda er universelt utforma, understrekar Stormoen.

Kompakt campus

At dei nye bustadane er plassert rett ved USN fører til ein meir kompakt campus. Dette er ein fordel for det sosiale miljøet – og praktisk for studentane.

– Transport kan jo vere ei utfordring her i kommunen. Om du bur på Austbø, så kan du ikkje berre hoppe på bussen, seier Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For skulebussane som er sett opp i regi av fylkeskommunen tek berre høgde for elevane i grunnskule og vidaregåande skule, og har ikkje plass til studentar.

Endå meir kompakt skal campusen bli, for nok eit bygg er under oppføring. Midt mellom Bjørk og Furu og USN-bygget blir det no sett opp eit studenthus.

– Her kan studentane møtest og vere sosiale, og til dømes øve på dans og spel. Det er ikkje så lett å gjere inne på hyblane, smiler Stormoen. Vinje kommune er med og betale for studenthuset, noko både SSN og USN er glade for.

Tøffelavstand: Frå svalegangen på utsida av hybelbygget ser me ned på studenthuset som er under oppføring. – Der vert det forsamlingsrom og diverse anna. Mellom anna får studentdemokratiet kontorplass der, seier Stormoen, og peikar ut dei ulike romma.

– Me er veldig glade for støtta frå kommunen, og takksame for at dei kunne handsame saka så raskt, seier Stormoen. SSN kunne rett nok ha sett opp studenthuset utan kommunen si hjelp; problemet var at USN Rauland ikkje ville hatt råd til husleiga etter at bygget stod ferdig. Men i budsjetthandsaminga i desember i fjor løyvde kommunestyret inntil 5 millionar kommunale kroner til studenthuset etter ein nærast rekordkort prosess.

– Det var i slutten av november kommunen tok initiativ til eit møte med Samskipnaden om saka, og tre veker seinare vedtok kommunestyret å setje av dei fem millionane, nikkar Kleven. Så kikkar han opp den bratte hønsestigen der ein må starte med rett fot for å treffe trinna.

– Det einaste er om me burde hatt ei ROS-analyse av kor trygg denne trappa er når studentane kjem heim etter sosialt samvær på studenthuset, ler han.

Tunga rett: Det gjeld å starte med rett fot opp hønsestigen – og kanskje ha eit godt grep om handrekka viss ein skulle kjenne seg litt ustø.