Frådelt: På tomta i Fyresdal sentrum er det bustad, garasje og stabbur. Landbruksareal og driftsbygning er frådelt og selt tidlegare.

Prestebustaden får ny eigar

Fyresdal plan- og miljøutval gjev dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for frådeling av prestegardsbustaden frå gbnr. 36/1.

Saka handlar om at staten (Opplysningsvesenets fond) ikkje lenger skal eige prestegarden, men at kyrkja overtek den, opplyste kommuneadministrasjonen i utvalsmøtet.

Det var Opplysningsvesenets fond som søkte om frådelinga, slik at prestebustaden får eige gards- og bruksnummer.

Artikkelen held fram under annonsen.

I søknaden blir det opplyst at etter opphøyr av Statskyrkja i 2017 bestemte Stortinget at dei eigedomane som tilhøyrer Opplysningsvesenets fond (Ovf) skal bli delt mellom stat og kyrkje. Delinga skal skje ved at all kyrkjegrunn (hovudsakleg kyrkjer og gravplassar) skal bli overdradd til det aktuelle soknet. Om lag 164 prestebustader (inklusiv 5 bispebustader og presesbustad) skal bli overført til Den Norske kyrkje. Anna eigedom skal Ovf (staten) behalde.