Solvendt: Det flate tunet med dei gamle husa ligg solvendt til midt i bygda.

Nå er den gamle plassen seld. Pris: 2 millionar kroner

Marknadsverdien for den 47 mål store eigedomen Solhaug, tidlegare Runninghaugen, i Flatdal var sett til 300 000 kroner. No er han selt for meir enn det seksdobbelte.

Eigedomsmeklar Marius Haugstoga hjå advokatfirmaet Wexels DA stadfester at eigedomen no er seld, og opplyser at kjøparen skal gje 2 millionar kroner for den gamle plassen. Kven kjøparen er, vil ikkje Haugstoga ut med, så dei som måtte vera interesserte må nok vente på offentleggjering av eigedomsoverdragingar. Dét kan ta noko tid.

– Fyrst må handelen til tingretten. Deretter er det nokre ankefristar som må utløpe før eigedomen kan overførast til ny eigar, informerer meklaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange interessentar

Haugstoga fortel at det i alt har vore sju bodgjevarar med i kampen, men at det var to som la inn bod mot slutten – inntil den eine altså gav seg.

Det var for ein månads tid sidan at Vest-Telemark blad fyrst melde om den store interessa for tomta med dei knøttsmå bygningane som alle var til nedfalls. Då hadde det alt kome bod på 1,2 millionar kroner. Nokre dagar etter kunne avisa melde at bodet var høgna til 1,4 millionar kroner. Interessentane gav seg altså ikkje med det. Seks hundre tusen kroner meir blei lagt på bordet før ein av dei fekk tilslaget.

Det er verken straum eller innlagt vatn på plassen, og det er heller ikkje køyreveg dit. Frå bilparkering ved Skararudvegen er det kring eit kvarter å gå, gjekk det fram av prospektet.

Saneringsobjekt: – Det vil medføre store kostnadar om bygningen skal restaurerast, heiter det i tilstandsrapporten.