Tilbakekjøp: Vinje kommune vedtok torsdag å kjøpe Vinje bygdeheim og den medfølgjande styrebustaden for 50 000 kroner. Kommunen selde dei same eigedomane for éi krone i 2002. Arkivfoto.

Meiner kommunen må «rydde opp etter seg»: – Dette er ei pylse i slaktetida

Kommunestyret i Vinje vedtok torsdag å kjøpe tilbake Vinje bygdeheim ved Grungebru, samt styrebustaden som ligg ved sida av, 21 år etter dei selde dei same eigedomane for éi krone.

VTB skreiv førre veke om at administrasjonen i Vinje hadde blitt einig med den danske plastikkirurgen Erik Bang-Jensen om å kjøpe tilbake eigedomane for 50 000 kroner. Rådmannen skreiv i saka at «dei som har vore inne bygga er tvilande til om dette er noko å stelle på».

– Dei økonomiske konsekvensane av å overta eigedomane vil slik sett langt overstige kjøpesummen, og etterbruken må ein få kome attende til etter dialog med dei som bur i området Mogane og Grungebru, skreiv han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då saka var oppe i kommunestyret torsdag var politikarane delte.

– Eg skjønnar ikkje kva som er hensikten. Hadde me hatt ein plan for tomta kunne eg ha vore med på det, men at me berre skal kjøpe for å rive, kan eg ikkje vera med på, sa Øystein Høgetveit (SV).

– Dersom tomta er så god, kan det vel vera private som er interesserte i å kjøpe, la han til.

Bjørn Arne Lindskog var samd med Høgetveit, og var bekymra for at det skulle skape presedens at kommunen handlar bygg for så å rive dei.

Nils Johan Svalastog Garnes (SV) var av «ei litt anna oppfatning», og meinte det var kommunen sitt ansvar å kjøpe bygget, sidan dei i si tid selde det for éi krone.

– Eg er einig med Nils Johan. Me, altså kommunen, selde det for ei krone, og dytta over ansvaret for vedlikehald på den nye eigaren. Eg meiner me må rydde opp etter oss, sa Bertin Bjåen (Ap).

Partifelle Alf Seltveit sa seg også einig.

– Kjøp bygget for 50 000 kroner, det er ei pylse i slaktetida, og så utarbeider me kostnadane etterpå, oppmoda han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Metaforisk: Alf Seltveit (Ap) omtala kjøpssummen på 50 000 kroner som «ei pylse i slaktetida» for kommunen. Arkivfoto.

Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) meinte også kommunen burde kjøpe bygdeheimen, og var ikkje bekymra for presedens.

– Dette skaper ikkje presedens, då det er ein historikk her. Eg synest kommunen nok opptredde litt dumt når dei kjøpte bygget, og eg meiner også at me må rydde opp, sa ordføraren, og viste mellom anna til moglegheitene for å «få til noko for bygda» i bygget.

Ved votering vart tilbakekjøpet vedteke med 18 mot 6 røyster.