Markus og Eline gler seg til å bli gardbrukarar i Øyfjell
Det var store smil rundt bordet då plan- og miljøutvalet i Vinje gav konsesjonar til dei nye eigarane av Teisberg i Øyfjell og Sandstaul på Skålestråndi. På begge gardane vert det nå folk i husa – og etter kvart også dyr i både fjøs og stall.
Markus Ingebretsen og Eline Reuser heiter paret som har fått konsesjon på Teisberg. Dei har følgd med på garden og vore i kontakt med seljaren heilt frå VTB i sommar skreiv om at det ville koma tre gardar til sals i Øyfjell på ein gong.
– Så det var stor glede når me fekk tilslaget, fortel Ingebretsen til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me gler oss til å flytte inn og etter kvart få litt dyr i fjøset.
Paret har erfaring med både sau og storfe, og har planar om å starte med sau på Teisberg i løpet av få år. Dyra skal sørge for landskapspleie, og i tillegg vil Ingebretsen og Reuser ta tilbake kjøtt og skinn for sal. Dei nybakte gardbrukarane jobbar begge i helsevesenet, og ser ikkje bort frå at dei også vil opprette eit «inn på tunet»-tilbod etter kvart.
Skålestråndi neste
Paret som har fått konsesjon på Sandstaul heiter Eirin Døli og Thomas Kleiv Øygarden. Dei vil flytte til garden saman med dei to borna sine, og tenkjer å ha hestar og kanskje nokre geiter for å halde kulturlandskapet i hevd.
– Me har heilt sidan me blei saman drøymt om å bu på småbruk, og ser fram til å gje nytt liv til ein gard som har stått ubebudd nokre år, fortel Døli til VTB.
– Thomas er veldig jaktinteressert, medan eg alltid har vore svært glad i dyr, derfor er ein slik plass akkurat det me har ynskt oss. Det å kunne gje ungane ein oppvekst med dyr og natur rett utanfor husveggane er ei stor lykke!
Målet deira er å vere ferdig med å rydde og rive i huset innan våren kjem, slik at dei kan bruke resten av året på renovering og oppussing. Mange stiller opp for å hjelpe til med både arbeid og barnepass, og det er dei unge gardeigarane veldig glade for.
– Fleire i familien og gode naboar har allereie kasta seg rundt og hjelpt oss med å stelle blant anna uteområdet nå før snoen kjem. Me er utruleg takksame for den hjelpa og støtta me får, og gler oss til prosessen vidare!
Frå nå av kan gardsseljarar få tilskott
I same planutvalsmøtet som dei to konsesjonssakene var det endå ei gladsak som kan vere av interesse for dei som vurderer å selje eit gardsbruk: Innføring av stimuleringstilskott for å motivere til sal av landbrukseigedomar. Det vart gjort endeleg vedtak om å innføre denne ordninga, som altså inneber at seljaren kan søke om å få eit tilskott på 200 000 kroner. Det vert sett av 1,2 millionar kroner til ordninga årleg, og det er «fyrstemann til mølla» som gjeld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Begge seljarane av gardane som er omtalt lenger opp i saka kunne i utgangspunktet vere aktuelle med tanke på å søke om eit slikt tilskott, og dette var politikarane ikkje heilt komfortable med. For når det gjeld Sandstaul vart buplikta misleghalden av den tidlegare eigaren, Olav Åge Askje, og i august vedtok politikarane derfor at han mista konsesjonen og måtte selje garden. For å unngå å løne dei som mislegheld buplikt endra derfor planutvalet fyrste punkt i retningslinene for stimuleringstilskottet, slik at ein ikkje har krav på tilskottet dersom kommunen har kravd at garden må seljast.
Vedtaket om stimuleringstilskott vart dermed følgjande:
Vinje kommune ønsker å prioritere tilskot i samband med eigarskifte ved frivillig sal av gard for å motivere til gjennomføring av eigarskifte på fråflytta gardsbruk i Vinje kommune. Tilskotet skal òg fremme fast busetting på landbrukseigedomar.
Ordninga gjeld for søkarar som i dag eig landbrukseigedomar der det ikkje har vore fast busetting i minst to år. Ny eigar må busette seg fast på eigedomen, jf. konsesjonsloven.
Halve tilskotet blir utbetalt til seljar når eigedomen er tinglyst på ny eigar. Andre halvparten blir utbetalt til seljar når ny eigar har tatt eigedomen i bruk som sin reelle bustad og er registrert busett der i Folkeregisteret.