Draum: Finn H. Myhra seier det er ein draum som går i oppfylling å overta garden Austli på Møsstrond. Rådmannen tilrår at han og kona Linda Svendsen Myhra får konsesjon på eigedomen.

Vil busetje seg på den veglause eigedomen. – Ein draum som blir oppfylt

Ekteparet Linda Svendsen Myhra og Finn Halvard Myhra har kjøpt eigedomen Austli på Møsstrond for 6,35 millionar kroner. Onsdag gav politikarane dei konsesjon på eigedomen.

Seljarar er Hillborg Romtveit og Trygve K. Vaagen. Dei har ifylgje søknaden budd på eigedomen i fleire år, men det siste året har eigedomen hatt beskytta status som fritidsbustad. Salet inkluderer også eit par hyttetomter.

– Dette er ein draum som blir oppfylt å endeleg vera tilbake på Rauland. Me var her mykje då me var yngre og ungane var små. Me har hatt lyst til å gjere dette heile livet eigentleg, men ikkje hatt moglegheit før no, fortel Finn Halvard Myhra på telefon frå Austli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekteparet Myhra har frå før ein eigedom som ligg lengre inn på fjellet.

– Men me synest det blir litt langt, så me ynskte noko som låg hakket laglegare til, sjølv om det er rimeleg veglaust til her også, humrar Finn Halvard.

Ekteparet skriv i søknaden at dei «planlegg tilsvarande bruk slik avhendar har bruka eigedomen», og vidare at dei ynskjer å setje den nesten 4 500 dekar store eigedomen i god skikk.

– Eigedomen må totalrenoverast, så det kjem me til å gjera, opplyser Myhra.

Dei har i søknaden kryssa av for at dei ynskjer å busetje seg på eigedomen innan eitt år. Rådmannen tilrår at det blir gjeve konsesjon, og at det blir sett som krav at dei registrerer flytting til eigedomen i løpet av eitt år, innan 1. februar 2024. Plan- og miljøutvalet gav ekteparet konsesjon i onsdagens møte.

– Vinje kommune har eit sterkt fokus på busetting i sine planar, og ser blant anna på landbrukseigedomar som attraktive buplassar. Ein nyleg avslutta sak om buplikt syner att dette er viktig for kommunen også på Møsstrond, skriv sakshandsamar Thor Christiansen i saka.

Han viser til at Svendsen Myhra har vakse opp på gard.

– Ho har i oppveksten – og seinare i lag med sin mann – delteke i gardsarbeidet. Dei driv i dag ein familiebedrift innan grønt-næringa/gartneri – noko dei vil halde fram med. Han er genuint interessert i friluftsliv, jakt og fiske – og syner til mykje erfaring med fjell og ferdsel i utmark i samband med at han er 5-6 månader i året på Hardangervidda, skriv Christiansen.

Artikkelen held fram under annonsen.