Teknisk feil: Mest sannsynleg starta brannen i solcelleanlegget.

Låvebrannen i Hegglandsgrend er ferdig etterforska

Om ettermiddagen fredag 30. september stod låven på Brokke i Hegglandsgrend i full fyr. Stutt tid etter melde politiet at låven hadde brunne heilt ned. No er saka ferdig etterforska.

Det store, raude uthuset på Brokke var reist i 1914 og blei ombygt i 1996, går det fram av bokverket Norske gardsbruk, som blei utgjeve i 1997. I dei seinare åra har det blitt montert mengder av solcellepanel på den sørvende sida av låvetaket. Dét fortel politietterforskar Ann Elisabeth Dale. Og det er nettopp solcelleinstallasjonen som truleg er opphavet til brannen.

– Krimteknisk avdeling i politiet har i samarbeid med det lokale el-tilsynet (DLE) konkludert med at det var tekniske årsakar til at brannen oppstod. Ifylgje åstadsrapporten frå DLE kan det tyde på at det var ein teknisk feil i samband med solcelleinstallasjonen og strauminntaket der. Det er stor sannsynlegheit for at det var ein komponentsvikt i ein likestraumsbrytar i strauminntaket frå solcellepanelet. Brytaren var plassert på låveveggen rett under taket, informerer Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redda våningshuset

Det var ikkje dyr i uthuset då lauselden herja, men bygningen husa både maskiner og også eit eige museum, fortalde eigaren til Vest-Telemark blad nokre dagar etter brannen.

Brannmannskapa greidde å skåne dei andre bygningane på tunet frå å bli flammanes rov. Desse husa er til dels svært gamle. Av Norske gardsbruk går det fram at våningshuset, som blei sett opp i 1915, delvis er bygt av tømmer frå dei gamle husa. Tømmeret skal vera frå 1300-talet. Også stabburet er frå 1300-talet og er freda.

Overtent: Ein time etter at brannen fyrst blei meldt, var uthusbygningen overtent.