Forskar reiser spørsmål om gevinsten av hyttebygging

Illustrasjonsfoto Foto: Geir Ufs

Seniorforskar Bjørn P. Kaltenborn ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) reiser tvil om den store hytteutbygginga i mange kommunar er så positiv for kommunane som mange vil ha det til.

– Vi meiner det er viktig å få fakta på bordet og slå hol på mytar, seier Kaltenborn til Nationen.

Ifylgje avisa meiner han det er ein myte at kommunane tener så mykje på hyttebygging.

Undersøkingar han og kollegaene hans har gjort i fleire store hyttekommunar, viser at fleire av kommunane kjem dårleg ut økonomisk, trass i storstilt hytteutbygging.

– Poenget mitt er at det er ei enorm verdiskaping i fritidshusmarknaden. Også enkelte grunneigarar gjer gode pengar på hyttefelta. Men i presskommunane for hyttebygging, er det også stor offentleg fattigdom, seier Kaltenborn til avisa.

Forskinga deira viser mellom anna at fleire store hyttekommunar slit med nedgang i folketalet og låge inntekter. Kaltenborn peikar dessutan på at hyttekommunane i tillegg må dekkja helsetenester til mange hyttefolk i feriane.

Ei medverkande årsak til at hyttekommunane kjem dårleg ut er ifylgje Kaltenborn at kommunane ikkje har stilt krav å bruka lokal arbeidskraft og lokale leverandørar.

(©NPK)