Vemodig: Anne Varden og mannen falt pladask for tunet på Aamli nedre, midt mellom Skafså og Åmdals verk i Tokke. Det er med blanda kjensler dei nå skal selje plassen.

Det var kjærleik ved fyrste blikk då Anne og Trond kom til Aamli nedre – nå er tida inne for å selje

Fyrste nyttårsdag og snøen ligg kvit, urørt og glitrande over tun og hus på Aamli nedre. Anne Varden og Trond Haugen har ikkje nøklar, men set ein gamal stige opp mot husveggen og kikkar inn. Dei veit det med ein gong – her skal dei bu.

18 år har gått sidan Anne og Trond for fyrste gong besøkte det gamle tunet på Aamli nedre og fall pladask for plassen. Mange pengar, uendeleg mange timar og fleire redningsprosjekt av gamle bygningar seinare, er det nå tid for ekteparet å selje plassen dei har blitt så glade i.

– Er det litt vemodig?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Litt? Ikkje berre litt!

Med sola i augo, omringa av freda og verneverdige bygg i firkanttunet på Aamli nedre, nesten 600 meter over havet, ser ho veldig heime ut, Anne. Men det er ikkje eit ferieopphald å bu i eit tun fullt av gamle hus, og, som kjent for dei fleste, det er ei tid for alt, og nå vil ekteparet selje plassen.

– Eg er snart 70 og mannen min 72 så nå må me ta vare oss sjølve og helsa vår, fortel Anne.

Idyll: Det er stille rundt Aamli nedre. Det gamle tunet ligg fint for seg sjølv og tett på naturen.

Myr i tunet

Dei to bura er frå 1536 og freda, medan resten av husa er verneverdige. Bustadhuset er frå 1830, og framleis i sin opphavlege stand. Kledninga er original – merka av vêr og skiftande årstider gjennom mange generasjonar.

– Bustadhuset låg visst borti der før, fortel Anne og peikar eit solid steinkast borti lia.

– Men det vart flytta hit, det vart visst kalla moltemyra, og det var ei myr her då me kom hit, så me har drenert heile tunet.

Restaurert: Dei to bura er begge frå 1536 og freda. Anne Varden og Trond Haugen har restaurert fleire av bygga etter at dei kjøpte Aamli nedre i 2004.

Drenert har dei også gjort under dei to bura. Bura stod også tettare før, så då dei restaurerte bygga, bytta dei nokre av stokkane som var rotne og flytta bura litt lenger frå kvarandre slik at ikkje snøen skulle rase frå det høgaste og ned på det minste slik det gjorde før.

Anne fortel at låven stod i vatn, og etter å ha søkt om støtte hos kulturminnefondet i fem år, fekk dei endeleg ein slump støtte, og i 2019/2020 byrja dei på redningsaksjonen. Låven vart jekka opp, bakken drenert, det som var ròte vart bytta ut, og nå er låven friskmeldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon synest sikkert me er galne som brukar så mykje pengar på dette. Men for oss er det verdfullt.

Både Anne og mannen har to barn frå tidlegare forhold, men ingen av barna deler den same lidenskapen over å ta vare på gamle hus.

– Dei synest det er veldig fint her, men er heilt uinteresserte i å bu her, ler Anne.

Når ho og mannen i løpet av hausten legg draumeplassen ut for sal håpar Anne nokon med genuin interesse for å ta vare på eit gamalt tun dukkar opp.

– Nei, eg sel ikkje til kven som helst. Haha, ler ho igjen.

– Me sel ikkje for knappar og glansbilde, men det er klart det kostar litt, legg ho til.

Samlar: Anne har samla heile livet. – Låven er full, seier ho. Planen er å selje unna mykje av det ho har samla før dei sel tunet. Om ho klarer å selje denne stolen får tida vise.

– Låven er full!

I Norske gardsbruk står det at Aamli vart fråflytta på 1950-talet, og at det då ikkje var drift der utanom skogen. På den tida var garden på rundt 30 dekar dyrka jord, 25 dekar anna jordbruksareal, 300 dekar produktiv skog og 150 dekar anna utmark. Agnes Aamli eigde garden fram til 1993, då overtok Aashild Aamli, og då ho selde til Anne og Trond hadde plassen vore i slekta sidan 1500-talet. Anne fortel at Aamli nedre lenge var lensmannsgard og tingstad. Men det er lenge sidan. I dag er det stille og fredeleg på tunet, og Anne brukar dagane på å rydde ut av låven.

– Eg har vore ein samlar heile livet. Låven er full! Eg er nok arveleg belasta, eg har ei mor som nå er 95 og er på aldersheim, men som har eit hus fullt av gamle ting, og eg har også eit loft og ein garasje i Skien fullt av ting. Mamma er nok litt meir kresen enn meg, eg er litt sånn om eg ser ei kasse med rare ting, snurrepiperier, ja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då har det visst ein tendens til å hamne hos Anne. Ho ler og viser fram. Her er porselen frå Egersund og Porsgrunn, gamle trau, skap og stolar, ski og ulike tekstilar. Mellom anna.

– Dottera mi seier; ja, du kan jo ikkje ha det med i grava, og eg vil ikkje ha det!

Planen er å selje mest mogleg før dei sel tunet.

– Men dette er berre ting eg har samla sjølv, ingenting av dette høyrde til her. Det var ingenting her då me kjøpte, fortel Anne.

Litt snø i gangen kan då feiast bort

Anne og Trond var kjærastar i ungdomstida, og fann tilbake til kvarandre i 2001. Då hadde faktisk Trond førtidspensjonert seg og planlagt ei jordomsegling. Han skulle vere borte i fire år.

– Eg reiste å besøkte han i Karibia og rundt omkring, men etter to og eit halvt år kom han heim. Då hadde han brukt så mykje pengar på å ringe til meg via satellittelefon.

Både Anne og Trond kjem frå Skien, men då Anne voks opp hadde foreldra hytte ved Våmartveit i Vinje så Vest-Telemark var ikkje ukjent for henne.

– Eg har likt meg lite i byen, seier Anne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bustadhuset: Bustadhuset er frå 1830, og Anne fortel at det kan snø litt inn i gangen.

Men ski har ho elska heile livet, ho kallar seg ei fjellgeit og har nettopp kome heim etter ei veke på hesteryggen i Jotunheimen.

Når Trond er tilbake i Noreg får paret ein felles draum. Dei vil kjøpe seg noko gamalt i Øvre Telemark. Slump og kanskje hell førte dei til Tokke, midt mellom Skafså og Åmdals verk og det gamle tunet på Aamli nedre.

– Kor mykje snø brukar det å kome her?

– Ein og ein halv, to meter, kanskje.

Perfekte forhold for ei som elskar å gå på ski.

– Døra vår er original, og det er ei glipe i ho. Når det snør, så snør det inn, sånn her.

Anne held opp fingrane og viser. Men litt snø i gangen gjer då ikkje noko. Ho feiar det ut igjen. Kva er det eigentleg ho likar så godt med dei gamle husa?

– Eg veit ikkje, eg likar at lufta kjem inn. Nei, dette høyrest sikkert heilt rart ut!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tenker seg litt om. For det er noko med det gamle tunet og naturen rundt.

– Gamle hus har sjel! I går då eg var ute ein liten tur møtte eg ei elgku og ein kalv. Rett her borte. Så nydeleg!

I tunet: Det er mykje arbeid å bu og ta vare på eit gamalt tun. Men litt tid til å nyte også.