Draumegarden: Jannicke Sandvik og Mikkel Neverdalen Ringhus har kjøpt garden Omtveit ved Åmot for 4,5 millionar kroner. Rådmannen tilrår å gje paret konsesjon.

Då draumegarden vart lagt ut for sal slo Jannicke og Mikkel til: – Me blir ikkje arbeidsledige

Jannicke Sandvik og Mikkel Neverdalen Ringhus har kjøpt gardseigedomen Omtveit like utanfor Åmot. Rådmannen vil gje paret konsesjon.

– Det er ein gard me har drøymd om i alle år, eigentleg. Nokon me kjenner hadde vore oppom og sett at den låg ute til sals, det var slik me fekk nyss i det, fortel Jannicke Sandvik.

Ho og sambuar Mikkel Neverdalen Ringhus har kjøpt garden Omtveit, og tilhøyrande skogområde i Jønnardalen, til 4,5 millionar kroner. Til saman er dei to teigane på 1644 dekar. 29 dekar er fulldyrka mark, 17 dekar er kartlagt som bratt areal og 1 075 produktiv skog, kjem det fram av saksutgreiinga. Garden er ikkje i drift i dag, og det er ikkje registrert at nokon søkjer om produksjonstilskot for hausting av den dyrka marka.

Artikkelen held fram under annonsen.

I søknaden opplyser Sandvik og Ringhus at dei planlegg å flytte til landbrukseigedomen med dei to barna sine, og vil drive hagebruk til eiga nytte. Skogen vil dei nytte til materialar og ved, medan dei vil dyrke og selje fôr på jordbruksarealet.

– Kommunen ser det som positivt at landbrukseigedomar som dette blir overtatt av ein ung familie som vil busette seg på staden. Søknaden ivaretek slik sett omsynet til busettinga i området, skriv sakshandsamar Thor Christiansen i si vurdering.

– Ved å bu på garden vil eigar ha eit godt utgangspunkt for å forvalte ressursane og jordbruksarealet vidare. Tradisjonell slått og sal av grovfôr – samt drift i skogen – vil oppretthalde produksjonsevna på jorda og taka vare på og kulturlandskapet etter sakshandsamar sitt syn, held han fram.

Rådmannen tilrår å imøtekome søknaden, med buplikt i fem år. Saka skal opp i plan- og miljøutvalet fyrstkomande onsdag.

Mange bygg: Til saman er det 21 bygg på eigedomen, deriblant 13 bygg som er rekna som kulturminne. Sandvik og Ringhus ynskjer å bevare alle.

Skaffe oversikt

Sandvik fortel dei vil dyrke grønsaker i hagen, til eige bruk, men at dei ikkje har landa på nett kva endå.

– Det er framleis ganske ferskt, så me vil bruke litt tid på å setje oss inn i alt, få oversikt, fortel ho.

At det er mykje å setje seg inn i er ikkje vanskeleg å forstå, av saka kjem det fram at det er heile 21 bygg på eigedomen. Eitt våningshus, ein kårbustad og 19 andre bygg, derav 13 som kulturminne å rekne, kjem det fram av saka.

– Det blir ein del, me blir ikkje arbeidsledige, humrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal bevare alle bygga. Hovudhuset skal me pusse opp, og me vil bu i kårbustaden medan dette går føre seg, held Sandvik fram.

Overtakinga er sett til 1. april, men Sandvik fortel dei har håp om å koma i hus tidlegare.

– Me håpar å vera på plass før påske, men det kjem an på dei som bur i kårbustaden. Me har fått beskjed om at me kan flytte inn tidlegare om dei er ute før.