Sjå bilda frå då skuleelevane dansa i gang Kviteseidmarken

Tradisjonelle vintermarken i Kviteseid blir arrangert denne helga. Tradisjonen tru var det isfiske og dansing for skuleelevane på markensfredagen.

Kviteseidmarken blir arrangert kvart år i midten av februar, og er ein tradisjon som går heilt tilbake til 1880-åra.

I år blir det markert at det er 30 år sidan OL på Lillehammer. Laurdag blir det treskistafett med utkledning inspirert av OL og fellesdans med OL-floka. Historielaget har fotoutstilling på biblioteket, skøytedisco på fredag er noko av det ein finn på programmet.