Foto: Hans Inge Hagen

Sjå bilda frå då Bø og Seljord turlag inviterte til tur til Lifjells høgaste topp

Langtur til Røysdalsnuten med 35 turglade sprekingar.

Bø og Seljord turlag samla krefter og arrangerte sundag tur til Lifjells høgaste topp på 1291 moh.

– Me starta på Grimås kl 09.45. Sol og fint vêr og 10 grader. Fyrste etappe opp til Grimaren (1169) er tung og bratt. Det er 2 km med ei stigning på 420 meter. Litt vind og 6 grader, gjorde det litt kaldt. Me gjekk vidare bortetter ryggen, ned og opp på baksida Røysdalsnuten. Heimvegen gjekk ned til Store-Tjorbuvatn og jakt og fiske hytta der. Total lengde på 12.45 km og 670 høgdemeter. Tusen takk for turen, melder Hans Inge Hagen i Seljord turlag.