Raske: Olav H. Midtbø frå Vinje IL og Sigve Haugarne frå Rein IL hakk i hel. Dei deltok i 16-19 årsklassa, og sprang inn på imponerande 00:33:31 og 00:34:08.
Foto: Kari Smeland
Sjå bilda frå årets Lårdal upp
Nedkjøling: Mariann Roe frå Skarphedin IL var raskaste kvinne opp bakkane, med tida 00:34:45.
Foto: Kari Smeland
Tommel opp: Birgitte Yndesdal frå Høydalsmo IL er ved godt mot om lag halvvegs til mål.
Foto: Kari Smeland
Varmt: Det var varmt for løparane. Her er Gunnar Sørkås frå Morgedal IL i fin flyt.
Foto: Kari Smeland
På drikkestasjonen var det væske både til å drikke og dusje seg med. Brede Bergseng Olsen frå Tokenes Badeklubb og Johan Nordby frå EY BIL kjøler seg ned.
Foto: Kari Smeland
I tet: Anne Kvaale Bjerk vart den raskaste i mosjonsklassa.
Foto: Kari Smeland
Drikke med utsikt: Linda Waal (t.v) og Ingeborg Steffensen styrkar seg med litt drikke før siste halvdel av løypa.
Foto: Kari Smeland
Ny rekord: Lars Olav Aspheim Kåsa frå Grenland Ski/Gulset Ski var laurdagens raskaste, og sette ny rekord i Lårdal upp med tida 00:27:43.
Foto: Kari Smeland
Imponerte: Mads Berge frå Høydalsmo IL hadde nest raskaste tid med 00:29:47.
Foto: Kari Smeland
Strålande fornøgde: Treningsvenninnene Emilie Asplin (t.v) og Anne Kvaale Bjerk frå Øyfjell var veldig fornøgde med løpet. Asplin kom inn som andre beste i mosjonsklassa, berre slått av Kvaale Bjerk. Etterpå vart det bading.
Foto: Kari Smeland
Drikke og heiing: Dei frivillige gjorde også ein viktig innsats med å heie og sørge for at løparane fekk i seg drikke i varmen. Trygve Veslestaul frå Dyre Vaa IL var den einaste som stilte i klassa 70+.
Foto: Kari Smeland
Upp: Anja Elise Lid frå Høydalsmo IL heldt god fart opp bakkane, og kom i mål på tida 00:38:14.
Foto: Kari Smeland