Sjå bilda frå Sommarskulen i Seljord

Nesten 250 barn var med på sommarskulen i Seljord.

– Det har vore ei sann glede å ha hatt med så mange barn. Ein skulle ikkje tru at ein kunne få med om lag 245 av barna frå skulane på 53 aktivitetar over 40 dagar. Over 8 veker med nesten 1000 påmeldingar, viser at lokalferie i kommunen både er populært og liv laga! Det viste seg ikkje å vere ein eingongs-suksess, skriv Hans Inge Hagen i oppsummeringa av årets sommarskule i Seljord.

– Det var berre lyn og torden som klarte å stoppe aktiviteten, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommarskule-leiaren seier det ikkje hadde vore mogleg å gjennomføre utan ungdomane som var aktivitetsleiarar, og heller ikkje utan dei gode samarbeidspartnarane.

– Me håpar at Sommarskulen blir ein del av neste års budsjett og plan. Tusen takk til Seljord kommune, som tør å satse på dette unike tilbodet. For det er unikt. Få andre gjer det som oss! Det bør me fortsette med, meiner Hagen.

Sommarskulen er ein aktivitetsarena for alle barn i grunnskulen frå 1. til 10. klasse. TIlbodet er også for dei som har ein relasjon til Seljord, men som ikkje bur der.

Sommarskulen 2022

245 unike barn/elevar

169 timar

54 aktivitetar

974 påmeldingar

Veke 25-33 = 8 veker

41 dagar

Aktivitetsleiarar: Ungdommar frå Seljord mellom 18-22 år. Thomas Liane, Stian Hagen, Simon Brekkan, Guro Gundvaldjord, Ragnhild Stade, Tov Hegni, Ohla Korol (frå Ukraina) Hjelp: Herman Hogstad Sveinsson, Rolf Haugland.

7 bussturar.

Lengste avstand: Larvik – Rush Trampolinepark

Ungdomsklubb: «Sommartidi» 18-21 (4.-10. klasse)

Lokale turar: Vest-Telemark museum, Kråkeroe, fisketur på Lifjell

Faste dagar: «Aktiv i Flatdal» på onsdagar (1--10. klasse)

«Gardsliv» på Bjørge besøksgard (1.-10. klasse)

Aktivitetar: Matglede, Radiostyrt dag, Skateskule, Bading, Forballskule, Kreativ glede, Frisbeegolf, Klatrepark, Nordsjø kabelpark, Rush Trampolinepark, utflukter og turar, Klassiske Brettspel, Fisking, «skulefri» ordning for 1.-4., Kin-ball, Friluftslivskule, Verdens lengste friminutt, Stråndliv og anna.

Konkurransar: Teikne-, foto- og skrivekonkurranse (blir avgjort i løpet av hausten)

Teknologi: Eigen «Sommarskule» app og nettside (www.sommarskulen.no) for påmelding, aktivitetskalender, informasjon og aktivitetsartiklar.

Les også
Frå student i marknadsføring i Ukraina, til aktivitetsleiar på sommarskulen i Seljord
Les også
– Det beste med sommarskulen er bading!
Les også
Gjennomførte 57 aktivitetar på 40 dagar