Unge arrangørar: F.v: Liv Mondal Ljostad, Mari Hovden Høgset, Sunniva Tveito, Solveig Kleiv. Framme: Emma Bråstøyl. Var forlenga arm til dei vaksne og ansikt utad mot deltakarane. Dei var velkomstvertar, tok bilete, henta deltakarar til ljodprøver, sminka deltakarane backstage, hengte opp lister, svarte på spørsmål, hjelpte til å rigge til og rydde ned. Alder 15-16 år.
Foto: Mari Hovden Høgset
Foto: Solveig Kleiv
Nesten seksti barn og unge var med i mønstringa – sjå bildeserie
Til saman deltok 59 barn og unge, fordelt på 13 sceneinnslag og like mange objekt til utstilling, på ungdomens kulturmønstring i Vinje laurdag 2. mars.
Publisert: 08.03.2024 11:00
Sist oppdatert:
11.03.2024 12:55
Fem ungdomar var arrangørar og vertar, på vegner av kulturskulen, Liv Mondal Ljostad, Mari Hovden Høgset, Sunniva Tveito, Solveig Kleiv og Emma Bråstøyl. Sofie Lundarvollen, Eirin K. Seltveit og Ane Slåtta var konferansierar for kvelden.
Konferansierane: F.v: Sofie Lundarvollen, Eirin K. Seltveit og Ane Slåtta (alle 17) losa publikum igjennom framsyninga på ein morosam og herleg måte!.
Foto: Mari Hovden Høgset
Foto: Solveig Kleiv
Bilete 1 av 8
«Hallinggutane» frå Åmot: Iver Øyre Åland, Øystein Ringhus, Vebjørn Groven, Ingar K.Seltveit og Sigve Nessæther. Alder 12-14 år, har dansa saman i nokre år på Vinjar.
Bilete 2 av 8
«Four steps» frå Edland: Stela Ceponyte, Ingebjørg Botn, Kamila Ceponyte og Emma Hagen Tveito. Har dansa saman i kulturskulen i 3 år. Alder: 12-13 år.
Bilete 3 av 8
Elisabeth Malaika Christensen, 13 år frå Rauland. Song og spela: «Hidden in the sand». Fekk ukulele for 4 veker sidan og har lært å spele på den sjølv.
Bilete 4 av 8
Blåsetrio på kornett og fløyte: Gabriela Kononova, Zlata Kucherniuk og Elisbeth Malaika Christensen. Alder 12-13 år, frå Rauland. Spela «Stefania». Går saman i korpset på Rauland og er elevar i kulturskulen.
Bilete 5 av 8
Bandet «Hakke Peiling»: Jonas Johanessen, Baste Mondal Ljostad, Sunniva Tveito og Liv Mondal Ljostad. Alder 12-14 år. Spela «Holliday» av Greenday. Har spela saman i 5 år. Var med til UKM-Porsgrunn i fjor.
Bilete 6 av 8
Bandet: «Tuddeflaksane» er sett saman av Endre Bjerk Breiseth, Eivind Nordstoga, Olav Aarhus, Sondre Mølster Byggland, Andreas Holte. Alle er frå Øyfjell og er mellom 13 og 14 år. Dei spela: «Ironman».
Bilete 7 av 8
«Just fun», dansegruppe frå Kulturskulen. Gruppa er sett saman av dansegruppa i Åmot og Edland. Dei dansa til Dua Lipas «Levitating». Jentene har alder 10-13 år.
Bilete 8 av 8
«Gruppe 4», resultat av samspelsveke i kulturskulen. Gruppa har hatt 2 øvingar og er sett saman av elevar frå Åmot, Rauland og Øyfjell: Eivind Nordstoga, Mathias Bjørnø, Elisabeth Malaika Christensen, Tuva Romtveit, Hedda Holte Hylland, Endre Bjerk Breiseth, Sondre Mølster Byggland. Alder 12-14 år. Spela: «Somewhere only we know» av Keane.