– Det er dette som er breiddeidrett, seier Olav Ståland, som hadde rolla som speaker på Høydalsmocupen.

– Mykje meir morosamt å sjå på dette enn Norway Cup!

Fjorten lag frå åtte klubbar var i aksjon på den 39. fotballcupen i Høydalsmo sist sundag. – 12-åringane er siste kullet det er lett å halde på, seier Olav Ståland frå Høydalsmo idrettslag. Han synest lokale cupar som denne er mykje meir givande enn til dømes Norway Cup.

– Dei fleste laga herfrå tapa jo med 14-15 mål i kvar einaste kamp under Norway Cup. Dei møtte lag som trenar omtrent dagleg. Då er det ikkje breiddeidrett lenger, meiner Ståland.

– Då vert det toppidrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høydalsmocup 2022: Heimelaget, i kvitt og blått på fyrste rad, tok imot gjester frå sju andre klubbar på cupen sist sundag.

På dei lokale cupane møtest lag frå Vest-Telemark, og her har tankar om fair play, lik speletid og inkludering fått godt rotfeste, meiner han.

– Det er sikkert forskjellar rundt om i Vest-Telemark, men på små stadar som Høydalsmo ordnar det seg på ein måte sjølv. Me treng jo kvar einaste spelar for å stille lag.

Ståland meiner dette er eit godt utgangspunkt for breiddefotballen, fordi dei ulike spelarane får tid til å utvikle seg.

– Det er ikkje alle som er supertalent som 10-åringar, men når dei trenar vidare og kjenner at laget treng dei, så kan dei plutseleg vere dei flinkaste på laget som 14-åringar.

Ei trening i veka og vinteravbrot

Eline Omland Sending (16) og Sigrid Moen Lofthus (14) var dommarar på Høydalsmocupen. Dei ser også stor kontrast mellom lokale cupar og Norway Cup.

– Dei me spela mot i Norway Cup trena fire gonger i veka pluss styrketrening, heile året gjennom, fortel jentene.

– Så det er klart at dei hadde mykje betre samspel enn oss, seier Lofthus.

– Hadde dei det like moro, da?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me såg jo at dei tok det veldig seriøst, seier jentene.

Dei synest det er viktig å ha det gøy med fotballen, men kunne samstundes ønskje seg litt meir treningstrykk lokalt.

– Me kunne jo kanskje trena to gonger i veka, og ikkje hatt pause på vinteren, føreslår Sending.

Unge dommarar: Eline Omland Sending (t.v.) og Sigrid Moen Lofthus har fokus på å behandle laga likt, og at alle er greie med kvarandre på banen.

– Det er jo ikkje så lett for fotballen å halde på di aldersgruppe, Eline. Kva gjorde at du heldt fram?

– Eg skulle eigentleg slutte, men så blei det til at eg starta på vidaregåande her i kommunen. Og så var det andre som skulle halde fram, og då blei det litt vondt å gje seg, smiler 16-åringen.

– Fristen er ikkje ute!

Det er ganske mange vesttelar som spelar fotball i dei yngste aldersgruppene, men dei fell ifrå ettersom åra går. Denne trenden vert tydeleg dersom eit tek eit kjapt overblikk på fotballcupane i haust. Tabellen nedanfor syner korleis talet på lag søkk ettersom alderen stig.

Lokale fotballcupar haust 2022 (* framleis open påmelding i Seljord)
ArrangementAldersgruppeDeltakarlag
Vinjecup 20.8.228 - 1029
Høydalsmocup 21.8.2211 - 1214
Seljordcup 24.9.2213 - 174 *

– Det er berre meld på fire lag til no, to lag i J13 og to i G14, seier kontaktperson for Seljordcupen, Arve Egil Myrvang.

Til no har ingen klasser nok påmelde til at det blir cup. Blir det ikkje fleire, så blir cupen avlyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men fristen er ikkje ute, understrekar Myrvang.

Dei vil helst ha fire lag for å køyre ei klasse, og minst to klasser for å gjennomføre cupen. Myrvang har trua på at fleire vil melde seg på den neste veka.

– Me har nok drukna litt i skulestart og seriestart, og så er det ein del konfirmasjonar som er flytt til hausten. Men eg sender ut ei påminning til klubbane og håpar det får fart på påmeldingane.

På det meste har Seljordcupen hatt kring 20 lag, men slike tal kan ein ikkje håpe på no. J17-lag, til dømes, er det berre Seljord som har i Vest-Telemark. Arrangørane i Seljord har prøva å invitere J17-lag frå resten av fylket også, utan å få respons. Myrvang trur samarbeidslag er vegen å gå framover.

– Eg ser ikkje bort frå at me må samarbeide på tvers av kommunane for å få til ungdomslag. Då blir det ikkje nokon serie i Vest-Telemark, men det blir det jo ikkje uansett viss ingen har nok spelarar til å danne lag, seier han.

Kryssar fingrane: Arve Myrvang håpar fleire lag melder seg på, slik at det blir fotballcup i Seljord.

Står med stoppeklokke

Også i Seljord har inkluderande fotball vore på dagsorden, og dei er veldig bevisste på dette med lik speletid.

– Mange trenarar står med stoppeklokka, for elles får dei så hatten passar av føresette. Og det er klart at når dei blir litt større, G12 til dømes, då begynnar ungane også å bli opptekne av resultat, og kan hakke på kvarandre. Då er det veldig viktig at me vaksne er medvitne og køyrer ei lik line, understrekar Myrvang.

– Er dei vaksne på sidelina flinke til å vere gode rollemodellar, slik du ser det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I det store og heile er det god åtferd, synest eg. Det er ikkje mange som jublar for ei scoring til motsett lag, det er det ikkje. Men så lenge det ikkje blir noko negativt, med buing og kjefting, så er det vel greitt nok, seier Myrvang.

– Men me må passe godt på, til dømes i dei tilfella der det blir veldig ujamne lag i kampar. Det kan bli litt stygt dersom eitt lag blir veldig overlegent, og til dømes begynnar å køyre opp forsvaret for å score mål. Ein bør ikkje nedverdige det andre laget.