Dei fleste plassane det er mogleg å parkere på i Nordbygdi var opptatte. Inne i nybygget på 2400 kvadratmeter stod folk tett i tett for å vera med på opninga av Autostrada Seljord. I verkstaden var det lagt til rette for dei yngste med radiostyrte bilar, bilspel og ein bil barna kunne teikne fritt på.
– Det gjeld berre i dag! understreka Terje Nordstoga med eit smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den daglege leiaren, hadde som dei andre Autostrada-toppane, kledd seg i bunad då merkedagen blei markert tysdag ettermiddag.
– Dette er ein stor dag, sa Nordstoga til dei frammøtte.
Han fortalde om si tid i bilbransjen, frå han som 13-åring jobba i utstillingssalen for Gutt Reiten på Funnmark, til han jobba seg oppover i systemet og blei dagleg leiar for den same butikken i 2012. Han kom innom arbeidet med å bygge opp Mercedes i butikken på Brøløs, og den tunge dagen i 2021 då Egil Funnemark fortalde at han hadde selt butikken. Då Autostrada-gründer Gisle Valen kort tid etter ringde, gjekk det raskt.
I dag, to år seinare, stod dei der saman på scena i bunad.
Frå scena fekk Nordstoga ros frå Benedicte Bibow (COO) og Ingrid Helene Skaalen Årnes (distriktssjef) – og frå sjefen sjølv Gisle Valen.
– Dette er heilt rått, sa Valen om opninga.
Valen nytta også høvet til å rose Seljord som ein framoverlent kommune.