Kompani Kviteseid: Kviteseid skule arrangerer Kompani Kviteseid, der elevane får prøve seg på varierte aktivitetar. Her lærer løytnant Felle bort slutta orden.

Løytnant Felle og kompani Kviteseid

Denne veka har elevane på Kviteseid skule hatt ei veke med ulike aktivitetar i Bryggeparken.

– Mange har jo sett på Kompani Lauritzen på TV. Me har henta inspirasjon derfrå, seier Sanne Hyldal som er lærar på Kviteseid skule.

Varierte aktivitetar: Denne gutegjengen jobba hardt for å løyse oppgåva.

Ho fekk med seg teamet på skulen til å arrangere ei veke med varierte aktivitetar. I bryggeparken i Kviteseid har elevane hatt orientering, merksemdsløype og laga rakettar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fyrste gong dei arrangerer Kompani Kviteseid, og lærarane var i forkant litt spente.

– Elevane går veldig opp i det. Det er moro å sjå, seier Hyldal.

Løytnant: Thormod Moi Felle, som er kommunalsjef for velferd, har lang erfaring frå Forsvaret og lærte elevne nokre triks.

Thormod Moi Felle er kommunalsjef for velferd med bakgrunn frå forsvaret. Han fann fram den gamle heimevernsuniforma si og lærte elevane slutta orden.

– Ungane var flinke og lærte fort. Det lovar godt for framtida, sa han etter økta med elevane på bryggekanten i Kviteseid.

Han var imponert over opplegget som lærarane hadde laga desse dagane.

– Eg er stolt av at me har så flinke og kreative lærarar, seier han.

Kompani Kviteseid: Marie Draugedal Birkeland (f.v.), Hedda Sinnes og Mari Straand Skarprud. Hedda og Mari hadde fått låne luer av fedrane.
Fornøgde lærarar: Sanne Hyldal (t.v.) og Vidar Syrtveit Mikalsen var fornøgde med innsatsen til elevane.