4 år: Hipp hurra for prinsen vår og prinsessenes supre storebror, Tor Veum Gamst, som alt fyller 4 år 14. desember. Du er kvikk, omtenksom og sjeldan sur, for det meste med eit smil på lur. Vi er veldig stolt av deg og kjempeglad i deg<3 Mange klemmar frå Aud, Liv, mamma og pappa. Resten av familien i sør og nord helsar også så mykje til deg på dagen din.
7 år: Vil få gratulerer arbeidskaren og godguten på Nordgarden Halvor Aksvik sø mykje med 7-årsdagen på sundag 19. desember. Ynskjer deg ei kjempefin feiring og at det blir mange pakker. Mange kosar og klemmar frå besta og bestefar som er gørrglad i deg.
3 år: Me vil få gratulere dei to flotte gutane våre med dagane nå i desember.Tobias som var 3 år 5. desember og Sebastian som er 5 år 15. desember. Veldig glade i dikkon begge. God klem frå oldemor, besta og besten.
1 år: Hipp hurra for Fridagull, Frida Seim, som fyller 1 år 18. des. Du er ei full fart jente som me er super glade i. Kos deg på bursdagen din med gjengen din i Bergen. Masse Bursdagskosar frå heile Gjengen din i Øyfjell, Lårdal og Rauland.
10 år: Lenita Christin Aasbak-Nielsen i Seljord fyller 10 år den 17.12.21. Bestemor og bestefar i Kviteseid gratulerer deg så mye med dagen. Vi er kjempeglad i deg.
Gratulasjonar og helsingar frå fredagsavisa 17. desember