Engasjerte batterijegerar
Elevane i 4. klasse ved Tveit skule i Nissedal er blant landets 800 fjerdeklasser som deltek i årets batterijakt.
Batterijakta handlar om å samle inn flest mogleg brukte hushaldsbatteri. Elevane har samla inn frå eigne og andres private heimar. Dei har planlagd, samarbeida og laga ruter over kor dei kan gå.
Allereie første dag opplegget vart presentert var jakta i gang, og dagen etter kom dei til skulen med 43 kilo batteri. Fleire av foreldra har også latt seg engasjere og hjelpt til med å samle inn og teipe polar på batteri. Elevane har fått god hjelp frå IATA, der dei jamleg har fått levert inn batteria dei har samla og fått vege fangsten.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til å samle inn brukte batteri har elevane løyst ulike vekeoppdrag. Dei har laga gjenvinningskunst av batteri og nye miljøoppfinningar. Til nå har dei samla inn heile 173 kg, og konkurransen blir avslutta den 24. mars. Dei har eit mål om å samle inn 210 kg og å løyse alle dei tre vekeoppdraga, slik at dei er med i trekninga av hovudpremien. Men om dei klarar å samle inn endå meir, er dei også med i trekning av beste klasse i fylket.
Elevane og lærarane i 4. klasse vil oppmode alle til å levere inn brukte batteri, og legg til at det er viktig å huske å teipe polane.