Heile gjengen: 45 elevar er i sving når 9. klasse på Seljord ungdomsskule har eitt felles prosjekt.
Foto: 9.klasse
9. klasse i Seljord har sjølv dokumentert prosjektet. Sjå bilda her.
Lagar alt sjølve: Elevane skulle lage ein modell av ein park, og elevane lagar alt sjølve.
Foto: 9.klasse
Modellen: Klassene hadde idemyldring for å bestemme kva som skulle vere i parken. Her er det mellom anna museum, leikestativ og treningsapparat.
Foto: 9.klasse
Lagar formene: Dei bruka gips for å lage modellane, men laga også formene sjølve.
Foto: 9.klasse
Praktisk: Prosjektet var både praktisk, men elevane måtte også skrive om og dokumentere prosessen med bilde, og ingeniørane måtte rekne på kostnadene.
Foto: 9.klasse
Samarbeid: Prosjektarbeid krev godt samarbeid mellom dei ulike gruppene.
Foto: 9.klasse