Ungdommane låg i lavoar og hadde samarbeida om kva dei måtte ha med seg på tur.

7. klasse ved Seljord barne- og ungdomsskule har vore på overnattingstur

Det er ikkje heilt utan grunn.

Elevar og lærarar på 7. trinn hadde ein hektisk vår og nye utfordringar med koronasituasjonen. Heimeskule og nettundervisning blei ein del av kvardagen denne våren. Med tanke på at ungdommane treng å vere sosiale og knytte gode relasjonar til kvarandre, bestemte vi derfor at dei skulle få ein overnattingstur. Dette er og med på å skape vennskap i klasserommet, og eit godt læringsmiljø.

Turen gjekk til Vetrhus i Åmotsdal. Her hadde ein familie i klassa ein nydeleg plass vi fekk låne. Fleire foreldre var og med. Ungdommane låg i lavoar og hadde samarbeida om kva dei måtte ha med seg på tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er nokre tankar dei har etter turen:

Gunnhild: Det var ein fin tur, men kaldt.

Tyril: Det var litt kaldt for eg hadde med for lite klede. Det var og kaldt på morgonen då vi vakna.

Amal: Vi hadde det fint på tur!

Bana: Pappa fekk ein fiskekrok i beinet. Det var iskaldt i lavoen. Det var gøy å fiske, og det er gøy å vere med venner.

Ambros: Det var gøy å fiske, men det var kaldt om natta.

Tarjei: Det var veldig kaldt om natta, og då vi vakna var det frost på kanoen. Det var gøy å fiske sjølv om eg ikkje fekk fisk.

Eivind S: Sjølv om eg hadde brote beinet, gjekk det bra. Det var gøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lucas: Det var ein flott tur! Eg er vanlegvis ikkje eit turmenneske, men dette var ein tur der eg kosa meg så mykje at ikkje ville dra. Vi i klassa kosa oss saman, og det var gøy at bestefar var med. Samarbeidet med å bygge ein lavo var gøy!

Julie: Det var gøy når vi grilla smares på kvelden.

Eline: Det var fint å sitte rundt bålet. Me leika «Gi eit lite blink» med lommelykt. På kvelden sat me i lavoen og spiste godteri.

Markus: Det var masse insekt, men gøy å fiske.

Ragnhild: Det var ein bra tur fordi eg føler alle knytte sterkare band.

Ingebjørg: Det er viktig å reise på tur, fordi vi får bygd opp klassa som eit lag,

Sidan dette er frivillig arbeid frå lærarane er det ikkje gitt at alle elevar kan oppleve ein slik utflukt med lærarane. Uansett er båe lærarar og elevar i Seljord heilt einige om at det var ein utroleg flott og lærerik tur, og det var vel verdt å bruke tid på det! Dei skal og nytte erfaringar frå turen i vidare arbeid på skulen.

Med på turen: Lærarar: Vegard Snaunes, Torjus Birkrem og Kjersti Ågren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar: Ingebjørg Årlid Bjørge, Amal Ahmad Alhamid-Almohamad, Tarjei Fæhn Ellingsen, Lucas Sjerve Evensen, Torjus Tveiten Golid, Julie Hagen, Elias Norgaard Johansen, Bana Kanaan, Tyril Kleiva, Ambros Klomset-Lønnestad, Ragnhild Midtbø-Mevastaul, William Bjåland Moen, Markus Noraberg, Alexander Norgaard, Eivind Helmer Simensen, Gunhild Brudal Sønsttveiten, Eline Tveiten og Eivind Kyrkjerud Vaa.

I tillegg var nokon foreldre med.

7. klasse ved Seljord skule

Turen gjekk til Vetrhus i Åmotsdal.
På overnattingstur: Ungdommane treng å vere sosiale og knytte gode relasjonar til kvarandre